Plantekst
Page 1
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
Overordna beredskapsplan
for Nissedal kommune
Utarbeidd dato: 15.08.2016
Godkjent kommunestyret: 07.09.2016 i saka 70/16
0
Page 2
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
Rådmannens forord
Kommunen har eit generelt ansvar for å ivareta folkesetnaden i ein krisesituasjon.
Den politiske og administrative leiinga er ansvarleg for at kommunen er i stand til å
handtere kriser, og for at det ligg føre ein plan for korleis kommunen skal kunne
oppretthalde si verksemd i ein krisesituasjon.
Handtering av eit auka informasjonsbehov internt i kommunen, og i høve til media og
publikum, vil vere ein viktig del av kriseplanen. Rask og effektiv handling under ei
katastrofe, krise- eller krigssituasjon føreset at ansvarsforhold med bruk og fordeling
av disponible ressursar er avklara på førehand.
Det er i sentrale myndigheitar si særlovgjeving stilt krav til den einskilde kommunen
sine beredskapsførebuingar, både med tanke på skadeførebyggjande og
skadereduserande tiltak.
Denne planen er utvikla for å setje kommuneleiinga i stand til å handtere ei større
ulukke eller uønska hending som har kome på innanfor kommunen sitt
ansvarsområde.
Treungen 26. mai 2016
Sverre Sæter
Rådmann
1
Page 3
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
Innhald
RÅDMANNEN SITT FORORD ..................................................................................................... 1
1. INNLEIING ......................................................................................................................... 4
1.1. GENERELT 4
1.2. KATASTROFER/ULUKKER 4
1.3. REDNINGSTENESTA I NOREG 4
1.4. KOMMUNEN SITT ANSVAR OG OPPGÅVER 5
1.5 MÅL FOR BEREDSKAPSPLANLEGGJINGA 5
1.6 FULLMAKTER GJEVNE TIL RÅDMANNEN 6
1.7 OVERORDNA BEREDSKAPSPLAN 6
1.8 OVERSIKT OVER FAGBEREDSKAPSPLANAR I KOMMUNEN 7
1.9 DEN SIVILE KRISELEIINGA 7
1.10 AJOURHALD AV PLANVERK 8
1.11 SYSTEMANSVARLEG 8
2. ETABLERING AV KOMMUNEN SIN KRISEORGANISASJON......................................... 8
2.1 GENERELT 8
2.2 KRISELEIINGA 9
2.2.1 KRISELEIINGA SI SAMANSETJING 9
2.2.2 VARSLING AV KRISELEIINGA 9
2.2.3 KRISELEIINGA SINE OPPGÅVER 10
2.2.4 KRISELEIINGA SINE LOKALE OG KOMMUNIKASJON 11
2.3 KRISELEIINGA SINE SEKRETARIAT 11
2.3.1 SEKRETARIATET SI SAMANSETJING 11
2.3.2 SEKRETARIATET SINE OPPGÅVER 11
2.3.3 SEKRETARIATET SINE LOKALE OG KOMMUNIKASJON 12
2.4 HJELPEMIDDEL FOR KRISELEIINGA OG SEKRETARIATET 12
2.5 ETABLERING AV KRISELOGG 12
2.6 ETABLERING AV PSYKOSOSIALT KRISETEAM 12
3. PLAN FOR INFORMASJON OG KRISEKOMMUNIKASJON ......................................... 13
3.1 MÅLSETJING 13
3.2 OVERORDNA PRINSIPP 13
3.3 ORGANISERING 14
3.4 INFORMASJONSLEIAR SITT ANSVAR OG OPPGÅVER 14
3.5 BODSKAP 15
3.6 MEDIA, KANALAR OG VARSLING AV FOLKESETNAD 16
3.7 KORLEIS MØTE MEDIA 17
3.8 PRESSE- OG INFORMASJONSSENTER 17
3.9 PUBLIKUMSTENESTA 18
4. PLAN FOR EVAKUERTE- OG PÅRØRANDESENTERL (EPS) ...................................... 18
2
Page 4
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
5 PLAN FOR EVAKUERING OG PLAN FOR VARSLING AV FOLKESETNADEN 20
5.1 PLAN FOR EVAKUERING 20
5.1.1 BEMANNING OG INNKVARTERINGSSTADER 20
5.1.2 OPPGÅVER TIL EVAKUERINGSLEIINGA 20
5.2 PLAN FOR VARSLING AV FOLKESETNADEN 21
6. RESSURSOVERSIKTER ................................................................................................. 21
6.1 TILVISING 21
7. VARSLINGSLISTE .......................................................................................................... 22
8. TILTAKSKORT FØREBUDDE FOR SPESIELLE HENDINGAR ..................................... 23
8.1 Naturbaserte- og klimahendingar 23
8.2 Samfunnskritisk infrastruktur og verksemdbaserte farar 24
8.3 Menneskeskapte handlingar og trusselsituasjonar 25
8.4 Pandemi/epidemi 26
8.5 Forureining og svikt i vassforsyning 27
8.6 Brann i institusjon 28
8.7 Terroraksjon 29
9. Orientering om bakgrunn for planarbeidet 30
3
Page 5
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
1. Innleiing
1.1. Generelt
Katastrofar, alvorlege ulukker og svikt i samfunnsviktige system avslørar ofte at
samfunnet ikkje er godt nok førebudd på å handtere vanskelege situasjonar tilfreds-
stillande. Sjølv mindre forstyrringar resulterer ofte i store tap for menneske, miljø
og verksemder. Med enkle middel vil mange slike situasjonar kunne bli unngått.
Naturkatastrofar har vi alltid måtta leve med, men i tillegg har den tekniske og økonomiske
utvikling ført til stadig aukande tal på uønska hendingar, som brannar og eksplosjonar,
miljøforstyrringar, driftsforstyrringar, driftsstans og forsyningssvikt.
1.2. Katastrofar/ulukker
Kva for hendingar som er mest sannsynlege kan hentast frå kommunen si fullstendige ROS-
analyse. Døme på større ulukker/katastrofar som kan inntreffe i vårt område kan
nemnast:
Stor trafikkulukke buss/vogntog
Bortfall av e-kom utover 24 timar
Ulukke ved stort arrangement -Treungenfestivalen
Ekstremvær storm/orkan
Truslar mot personar og institusjonar
Flaum/overfløyming
Svikt i elektrisitetsforsyninga utover 12 timar
Snøras/jordras
Radioaktivt nedfall – ulukke ved Sellafield
Større skogbrannar
Svikt i vass- og avløpssystem
Sabotasje eller hærverk
Eksplosjonar
Bygningsbrann på institusjon/forsamlingslokal
Menneskeskapt tilsikta hending – skyting på skule
Utbrot av pandemi – smittsam sjukdom
Evakuering av Jettegrytene ved kraftig auking i vassføring
I dei fleste høve vil ulukker og katastrofar som nemnt ovafor vere av eit slikt omfang at
redningstenesta, som blir leia av politiet, vil ha kapasitet til å takle situasjonen.
Dersom ei omfattande ulukke eller katastrofesituasjon inntreff, og ressursane til dei ordinære
innsatsorgana ikkje strekk til, kan kommunen bli engasjert i rednings- og oppryddings-
aksjonar. I slike situasjonar vil det bli stilt store krav til innsats frå berørte kommunar, også
utover det å stille ressursar til disposisjon.
1.3. Redningstenesta i Noreg
Ved større ulukker er det viktig at alle krefter blir sett inn i ein samordna innsats for å
avgrense skadeverknadene. Normalt er det den sivile redningstenesta, leia av politiet eller
det kommunale brannvesen, som rykkjer ut og taklar brannar, uhell og ulukker.
Den sivile redningstenesta i Noreg er eit samvirke mellom ei rekkje offentlege etatar,
friviljuge organisasjonar og private selskap med ressursar innan redningsteneste.
For å utnytte dei samla redningsressursane vil det ved ei større ulukke bli etablert ein lokal
redningssentral (LRS) i det aktuelle politidistrikt under leiing av politimeisteren.
4
Page 6
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
Hovudredningssentralen Lokal redningssentral Innsatsleiar frå politiet
(HRS) for Sør-Noreg på (LRS) Blir leia av lokal
Sola politimeister
Ved ulukker med stort omfang vil redningsinnsatsen bli leia av ein av landets to
hovudredningssentralar, forkorta HRS. På skadestaden er det innsatsleiar som
koordinerar og leier redningsinnsatsen. Innsatsleiar kan vere lensmannen eller ein
annan politimann.
Kommunane er pliktige til vederlagsfritt å stille ressursar til disposisjon for redningstenesta ved
oppmoding. Dette er heimla i “Direktiv for politiets redningstjeneste”, pkt. 1.2 og 1.7.
Ressursane kan vere brannvernmateriell og personell, teknisk materiell og utstyr, helse-
og omsorgsressursar, oljevern- og havnemateriell, bygningar, lokalitetar, køyretøy osv.
1.4. Kommunen sitt ansvar og oppgåver
Kommunen sitt ansvar i ein krisesituasjon er å delta i arbeidet med skadeavgrensande tiltak
for å sikre menneske, miljø og økonomiske verdiar. Det kan også vere situasjonar der
kommunen sjølv er ansvarleg for å handtere hendingar. Til dømes ved smitteutbrot e.l.
Døme på oppgåver som kommunane kan få ansvaret for å handtere i ein krisesituasjon:
o ta hånd om skadde eller evakuerte personar
o omsorg for personar som har vore utsette for store påkjenningar
o bistand ved evakuering av personar frå eit utsett område
o innkvartering av skadde eller redningsmannskap
o informere om situasjonen i kommunen og gje forholdsreglar
o forpleiing eller anna forsyningsstøtte
o sikre trygge næringsmiddel og drikkevatn for god helse
o gjennomføre regulerings-/rasjoneringstiltak
o rette opp skader på kommunikasjonar og andre anlegg
o opprydding, oppreinsking, avfallsdeponering og anna innsats for miljøet
o vern om kulturelle verdiar
1.5 Mål for beredskapsplanleggjinga
Kommunen har eit overordna ansvar for å ivareta folkesetnaden sin sikkerheit og tryggleik,
og arbeid med samfunnssikkerheit og beredskap er ei prioritert oppgåve. Sikkerheits- og
beredskapsperspektivet skal ha fokus innan alle sektorar/einingar og tenester, og
kommunen arbeider systematisk med rullering av planar og ROS-analyser (Risiko- og
Sårbarheits analyse), med det siktemålet å redusere risiko for tap av liv eller skade på helse,
miljø og materielle verdiar.
Nissedal kommune tek sikte på å ha eit aktivt og nært samarbeid med andre offentlege
aktørar, friviljuge organisasjonar og lokalt næringsliv i beredskapsarbeidet. Kommunen
spelar ei aktiv rolle for å spreie kunnskap og bevisstgjere andre til å ta samfunnsansvar,
skape tryggleik, vere førebudd på det uforutsette og takle kriser. Beredskapsrådet er forum
for dette breide samarbeidet og samlast minst ein gong i året.
ROS-analysene konkluderer med at hovudutfordringane er trafikkulukker, brann i bygg med
mange menneske, langvarig bortfall av straum og ikt/ elektronisk kommunikasjon,
terror/truslar mot personar og pandemiar, ulukke ved store arrangement som
Treungenfestivalen.
5
Page 7
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
Det er gjort fleire tiltak for å betre sikkerheitsnivået. Nissedal kommune blei i 2015 kåra til
landets fyrste trafikksikre kommune, brannsikkerheit og straumforsyning har jamlege tilsyn,
og eit IKT-samarbeid med fleire nabokommunar er under utvikling.
Ei hovudutfordring framover er i tillegg handtering av ustabile personar / trugande
situasjonar. Dette handlar blant anna om å førebu og kurse kommunen sine tilsette, innføre
rutiner for å handtere trugande situasjonar, vere førebudd på det utenkjelege som
skuleskyting, og det kan handle om å sikre kommunen sine bygningar. Omorganisering
innan politiet har gjort at lokalt lensmannskontor ikkje har døgnvakt og det kan ta 1 time eller
lengre før politiet kjem til skadestaden. Lokalt brannvesen er gjeve politimyndigheit inntil
politiet er på skadestaden.
1.6 Fullmakter gjevne til rådmannen
Rådmannen disponerar inntil 500.000 kr. til naudsynt hjelp til kriseramma til forpleiing
m.m., skadeavgrensing og naudsynte sikringstiltak for å verne liv, verdiar og miljø, hjelp
ved akutt behov for opprydding og utbetring av materielle skader og element som forstyrrar
viktige funksjonar.
Rådmannen kan:
omdisponere kommunalt personell og maskiner/reidskap til påtrengande hjelpetiltak,
og utføre andre naudsynte oppgåver som situasjonen krev.
stanse midlertidig einskilde av kommunen sine verksemder der dette er naudsynt for
å omdirigere ressursar til redningstenesta m.m.
Påleggje overtids- og ekstraarbeid.
utøve naudsynt kommunal myndigheit som situasjonen krev.
Rammebeløpet over kan overskridast ved påtrengande behov, og om folkevalgt
organ, som har løyve, ikkje kan kallast saman. Oversikt over forbruk av middel etter
overståande skal så snart som råd leggjast fram for kommunestyret til godkjenning.
1.7 Overordna beredskapsplan
Kommunale myndigheiter har ansvaret for at det blir føreteke beredskapsførebuingar innan
dei ulike kommunale verksemdsområde, samt eit generelt ansvar for folkesetnaden sitt ve
og vel i ein krisesituasjon.
Ein overordna beredskapsplan i kommunen er eit naudsynt hjelpemiddel for raskt å kunne
reagere rasjonelt og effektivt i kritiske situasjonar. Faste rapporteringsrutiner frå einingar i
kommunen blir etablert. Revidering av planane skal skje ein gong pr. år av ansvarleg for
planen og godkjennast av rådmannen.
Overordna Fagberedskapsplanar, som til dømes innan brannvern, helse,
beredskapsplan flyktningar, gassutslepp, kjemikaliar, osv.
6
Page 8
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
1.8 Oversikt over fagberedskapsplanar i kommunen
Gjeld planar med tanke på aktuelle hendingar som kommunen si leiing og kriseleiing må vere
informert om:
Fagberedskapsplanar i kommunen Ansvar Oppbevarast kvar
Smittevernplan Kommunelege
Rusmiddelpolitisk handlingsplan Leiar NAV
Plan for atomberedskap Beredskapskoordinator
Beredskapsplan for vassforsyning Leiar teknisk
Handlingsplan for trafikksikkerheit Leiar teknisk
Evakuerings- og pårørandesenter
(EPS) Beredskapskoordinator
Beredskapsplan – IUA – Telemark Brannsjef Bamle
1.9 Den sivile kriseleiinga
Ved store ulukker eller katastrofer vil det parallelt med den sivile redningsteneste bli
etablert eit kriseleiingshierarki på sivil side, dvs. under det utpeika leiardepartement via
aktuelt fagdirektorat, fylkesmennene og kommunane.
Hos Fylkesmannen vil det ved store ulukker eller katastrofer bli etablert ein krisestab
direkte under fylkesmannen si leiing som skal operere på døgnbasis.
Fylkesmannen sin krisestab har ingen operative oppgåver innan den sivile redningstenesta,
men skal kunne ta imot, effektuere eller vidareformidle oppmodingar om eventuell støtte.
Krisestaben skal snarast mogeleg etter at den er etablert ta kontakt med kommunane i fylket
og etablere samband.
Kommunen skal straks orientere fylkesmannen om situasjonen, utviklinga og elles om det
er tiltak kommunen ynskjer iverksett frå fylkesmannen si side.
Skissa under syner korleis kriseleiinga på sivil side er organisert i Noreg.
Leiardepartementet vil til dømes kunne vere Justisdepartementet og fagdirektorat
Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB). Men det kan også vere andre
departement og direktorat ut ifrå katastrofa eller hendinga si art.
7
Page 9
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
Utpeika
leiardepartement
Sentra l krise-
støtteeining (KSE)
Aktuelt Krisestab i
fagdirektorat aktuelt fagdirektorat
Fylkesmannen sin krise-
Fylkesmannen i
og samordningsstab
Telemark
Kommunen si krise-
Kommunen
leiing og sekretariat
1.10 Ajourhald av planverk
Beredskapskoordinator skal i samarbeid med leiar for kriseleiinga (rådmannen) og
informasjonsleiar fylgje opp at beredskapsplanane i kommunen blir ajourført.
1.11 Systemansvarleg
Systemansvarleg for at overordna beredskapsplan blir halden ajour er fylgjande navngjevne
person i kommunen:
Navn Stilling
Kjell Vøllestad Beredskapskoordinator
2. Etablering av kommunen sin kriseorganisasjon
2.1 Generelt
Kommunen sin kriseorganisasjon består av kommunen si Kriseleiing og Kriseleiinga sitt
sekretariat. Kriseleiinga skal bestå av sentrale personar i kommunen si leiing.
Kriseleiinga sin funksjon er å ha myndigheit og kunnskap til å kunne ta raske og viktige
avgjerder i ein akutt situasjon. Personar i kriseleiinga skal parallelt vere leiarar for sine
faste funksjonar i kommunen, men skal kunne kome saman for å koordinere
krisehandteringa.
8
Page 10
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
Kriseleiinga sitt sekretariat har som oppgåve å fylgje situasjonen kontinuerleg, føre
journal, rapportere, ajourføre situasjonskart, motta telefonar og meldingar samt
oppdatere kriseleiinga når den trer saman.
Kommunen sin kriseorganisasjon kan illustrerast slik:
Kommunen si
politiske og
Kommunen si Kriseleiinga
administrative
kriseleiing sitt sekretariat
leiing
Kommunen sin
samla administrasjon og einingar
Ordførar eller rådmann eventuelt deira vikarar skal utan ikkje naudsynt opphald bli varsla
ved kriser og katastrofer. Dei skal deretter vurdere om katastrofa/krisa er så
alvorleg/omfattande at kommunen sin kriseorganisasjon skal etablerast heilt eller delvis.
2.2 Kriseleiinga
2.2.1 Kriseleiinga si samansetjing
Kommunen si kriseleiing blir leia av rådmannen. Ordførar er også med i kriseleiinga, og har
som funksjon å fronte media, samt vere linken til det politiske nivået. I tillegg er
beredskapskoordinator og informasjonsansvarleg i kommunen med i kriseleiinga.
Kommunen si kriseleiing har fylgjande samansetjing:
Kriseleiinga
Ordinær funksjon Funksjon ved beredskap
Ordførar Har det overordna ansvaret under ei kvar krise.
Handterar ekstern informasjon
Rådmann Koordinerar all kommunikasjon mot
operasjonssentralen. Bemannar telefon i kriseleiinga.
Beredskapskoordinator Syter for innkalling og koordinering av personell
kommunen har behov for ved kriser.
Informasjonsansvarleg Koordinerar all kommunikasjon som går via
sentralbordet og CIM
Dersom nokon i kriseleiinga er hindra frå å møte skal det vere utpeika vikar som skal
møte. Normalt vil det vere den ordinære vikar til vedkomande stilling.
Avhengig av situasjonen, kan andre nøkkelpersonar bli innkalla til å delta i kriseleiinga.
Friviljuge organisasjonar blir også innkalla etter behov. Dette blir avgjort i kvart einskilt
høve.
2.2.2 Varsling av kriseleiinga
Det er ordførar eller rådmann (evt. den som får fullmakt) som avgjer at kriseleiinga skal bli
etablert og dimensjoneringa av denne. Kriseleiinga blir primært varsla via 110 Telemark per
9
Page 11
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
SMS eller telefon. Beredskapskoordinator har ansvaret for at 110-sentralen har oppdatert
varslingsliste. Fylkesmannen i Telemark blir også varsla per SMS eller telefon. Nissedal
kommune har døgnkontinuerleg vakttelefon ved NOS. Tilsette ved NOS kan varsle
kriseleiinga når melding om krise kjem frå politi, AMK eller 110 sentralen.
For å kontakte 110-Telemark, ring 35593400 (val 4). Fortel alarmsentraloperatøren kva som
skal sendast ut. 110-Telemark vil deretter sende ut ein SMS som alle i kriseleiinga mottek.
Det vil også bli sendt ein mail til beredskap@nissedal.kommune.no. Dermed vil alle i
kriseleiinga samt servicesenteret også få meldinga på e-post. Etter utsending av alarmen, vil
alarmsentraloperatøren ringe til medlemer av kriseleiinga fram til fyrste personen svarar.
Dette blir gjort for å forsikre seg om at meldinga har blitt sendt ut.
2.2.3 Kriseleiinga sine oppgåver
Tiltak ved etablering
Avgjere at kommunen sin kriseorganisasjon skal bli etablert heilt eller delvis.
Innhente opplysningar og få ein best mogeleg oversikt over situasjonen i kommunen.
Etablere ei felles forståing i kriseleiinga for kor omfattande problema er.
Avgjere omfang av støttetenestene og ta stilling til om fylgjande funksjonar skal bli
etablert:
Presse- og infosenter
Publikumsteneste
Evakuerte- og pårørandesenter
Avklare, blant anna med skadestadsleiar, behov for kommunen sitt utstyr/materiell.
Når liv og helse er truga er det alltid politiet som ”eig” skadestaden.
Avklare om annan fagleg kompetanse skal bli innkalla/informert. Til dømes
innkalling av Krisepsykiatrisk team
Utarbeide informasjon og iverksetje naudsynte informasjonstiltak internt i
organisasjonen, for innbyggjarane, media og andre. Koordinere med infoansvarleg og
skadestadsleiing.
Sikre ein god informasjonsstrategi, herunder:
Kva for ein informasjon skal vektleggjast?
Kva spørsmål vil vår informasjon skape?
Kva tema bør unngåast/kva skal ein ikkje kommentere?
Iverksetje strakstiltak for å hindre fleire skadar på personar, miljø og materielle
verdiar i samarbeid med profesjonelle redningsmannskap.
Tiltak i driftsfasen:
Kontinuerleg vurdere hendingar, konsekvensar, naudsynte handlingar og
tidsramme.
Vurdere behovet for og evt. rekvirere naudsynt utstyr/ materiell.
Vurdere om kommunen må iverksetje fleire tiltak for å hindre/avgrense skadar på
personar, miljø og materielle verdiar.
Ivareta kontakt med innsatsleiinga i politiet, eventuelt LRS og operasjonssentralen.
Halde kontakt og oversikt med kommunen sitt utplasserte personell og materiell.
Hugs skifte av personell ved langvarig innsats.
Avgjere/avklare om det er aktuelt med personalressursar frå friviljuge
organisasjonar.
Vurdere framtidig behov ut frå val som blir teke.
10
Page 12
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
2.2.4 Kriseleiinga sine lokale og kommunikasjon
Lokale og kommunikasjon
Kommunehuset, 35 04 84 01 (direkte) 35 04 84 00 (sentralbord)
ordførarkontoret epost: beredskap@nissedal.kommune.no
2.3 Kriseleiinga sitt sekretariat
2.3.1 Sekretariatet si samansetjing
Kriseleiinga sitt sekretariat skal ha ein utpeika leiar som kan tre ut av si faste stilling i
kommunen ved etablering. I tillegg må sekretariatet vere bemanna med personell med
kompetanse innan administrative funksjonar, herunder journalføring, telefonopplegg,
elektronisk kommunikasjon, datahandsaming, elektroniske kart, svarteneste, informasjons-
handtering osv.
Kriseleiinga sitt sekretariat kan ha fylgjande samansetjing:
SEKRETARIATET
Ordinær funksjon Funksjon ved beredskap
Kommunalsjef økonomi, leiar av Fellestenesta Leiar for sekretariatet
Konsulentar - fellestenesta Sekretariatsmedarbeidar
2.3.2 Sekretariatet sine oppgåver
Tiltak ved etablering
Innkalle nøkkelpersonell i kriseorganisasjonen når avgjerd om innkalling er gjeve.
Etablere ein kriselogg der all viktig informasjon i samband med hendinga skal
journalførast og dokumenterast.
Starte loggføring i kriseloggen ( CIM) så tidleg som mogeleg. Gjeld alle stader som
mottek meldingar og som iverkset tiltak knytt til krisehandteringa.
Vere sekretariat for kriseleiinga heile døgnet og skaffe best mogeleg oversikt over
situasjonen.
Føre kart og oversikter som gjer at situasjonen lett og raskt kan lesast.
Fylgje med på informasjon om hendinga som blir referert i media og føre dette på
til dømes ein flippover.
Påsjå at kommunen sitt sentralbord og servicetorg er ope og har god nok
kapasitet.
Etablere kontakt med fylkesmannen og avgje rapport om situasjonen.
Etablere kontakt med andre instansar og nabokommunane, informer om
situasjonen, og spør om ressursar dersom det er aktuelt.
Etablere kontakt med friviljuge lag og foreiningar som vil kunne bli involvert i krisa
på eit seinare stadium.
Tiltak i driftsfasen
Føre logg (CIM) og hente inn informasjon frå dei ulike aktørar i krisearbeidet
Vurdere behovet for og evt. rekvirere naudsynt utstyr/materiell
Syte for mat og forsyningar til kommunen sitt eige personell og materiell
Avgjere/avklare om det er aktuelt med personalressursar frå friviljuge
organisasjonar
Utarbeide og formidle statusrapportar til Fylkesmannen
11
Page 13
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
2.3.3 Sekretariatet sine lokale og kommunikasjon
Lokale og kommunikasjon
Adresse, bygning, Telefonar, telefaks, e-post osv.
lokale
Kommunehuset, kantina Telefaks nr. 35 04 84 10
Mobil telefon nr.
E-post adresse beredskap@nissedal.kommune.no
2.4 Hjelpemiddel for kriseleiinga og sekretariatet
Leiaren for kriseleiinga sitt sekretariat skal syte for at naudsynte hjelpemiddel
er tilgjengelege for kriseleiinga og sekretariatet. Døme på utstyr kan vere:
Oversiktskart over heile kommunen pluss eventuelt sentrumsområde.
PC med elektronisk kart over kommunen.
PC med tilgang til CIM.
3 telefonpunkt samt tre ekstra telefonapparat.
Telefaks og kopimaskin.
Flippover, tusj og anna kontorutstyr til statusoversikter.
Loggskjema i papir som reserve for elektronisk logg som blir ført fortløpande.
Posthylle for inn- og utmeldingar.
I tillegg skal nødstraumsaggregat vere tilgjengelege/klargjorte slik at telefonsentral og anna
elektronisk kommunikasjonsutstyr kan fungere ved straumbrot.
2.5 Etablering av kriselogg
Føring av ein kriselogg bør raskt bli etablert slik at ein ikkje går glipp av dei fyrste
informasjonsbevegelsane under ei krise/katastrofe. Til dette skal www.dsb-cim.no nyttast.
Alle registreringar skal gjerast systematisk og vil hjelpe kriseleiinga til å skaffe seg det riktige
informasjonsbiletet, halde oversikt over situasjonen og gjere dei riktige prioriteringane. Det er
betre med ei registrering for mykje, enn ei for lite.
2.6 Etablering av Psykososialt kriseteam
Kommunalt kriseteam har kommunelege I som medisinskfagleg rådgjevar og kommunalsjef
økonomi er kontaktperson mellom kriseteamet og kriseleiinga. Kriseteamet vel sjølv leiar, i
samråd med rådmannen.
Kriseteamet er sett saman av kommunalt tilsette med særleg kompetanse på samtaler/
rettleiing for personar som er ramma av ulukker/hendingar som kan medføre personlege
kriser. Kriseteamet kan bli tilkalla av kriseleiinga, legevakt, lensmann og prest. Kriseteamet
skal kunne tre støttande til ved ulike kriser, og uavhengig av om kommunen si kriseleiing er
etablert. Kommunalsjef økonomi er i slike høve kriseteamet sin næraste overordna. Dersom
kriseteamet arbeider i kommunal eining skal alltid denne innsatsen pågå i nært samarbeid
med den aktuelle einingsleiar.
Kommunalt kriseteam blir i større kriser teke inn som ein del av bemanninga av EPS-
senteret. Sjølv ved mindre kriser vil det snarleg måtte vurderast å tilføre spesialkompetanse
12
Page 14
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
innan fagområdet. Her kan det bli henta inn hjelp frå Sjukehuset Telemark Krisepsykiatrisk
team.
Kontaktperson er: Kommunelege 1, telefonnummer: 35048420
Psykososialt kriseteam, samansetjing
Ordinær funksjon Funksjon i kriseteamet
Einingsleiar helse og habilitering Koordinere psykososial helsehjelp
Kommuneoverlege Medisinskfagleg rådgjevar
Prest Prest
Andre etter behov
3. Plan for informasjon og krisekommunikasjon
3.1 Målsetjing
Kommunen skal ved kriser kunne informere media, eigne tilsette og kommunen sine
innbyggjarar på ein effektiv, offensiv og tilfredsstillande måte. Dette skal ivaretakast av
kriseleiinga.
Alle kommunen sine pressemeldingar, pressekonferansar og oppslag på heimesida skal
avklarast med eventuell oppretta innsatsleiing med mindre rådmannen fastset noko
anna.
Målsetjinga med informasjonsarbeidet er å:
bidra til å skape tryggleik og redusere unødig angst.
forhindre feilinformasjon.
rettleie og gje råd til berørte partar.
styrke tilliten til kommunen.
3.2 Overordna prinsipp
Ein omfattande krisesituasjon kan delast i to faser: akuttfase (normalt det fyrste døgnet) og
driftsfase. Denne planen omfattar i hovudsak akuttfasen, der fylgjande prinsipp gjeld:
Det er politiet/lokal redningssentral (LRS) som gjev konkret informasjon om hendinga
si utbreiing og konsekvensar.
Kommunen sine oppgåver består fyrst og fremst i å:
Varsle dei som er utsett for fare og evt. deira pårørande.
Koordinere innsats på systemnivå – og orientere om tiltak.
Forhindre frykt som ikkje er naudsynt
Fare for informasjonskrise
Alle slags uønska hendingar fører med seg eit informasjonsbehov som, inntil det er dekt,
framkallar eit informasjonsvakuum. Mangel på informasjon kombinert med stor interesse frå
så vel berørte partar og ålmenta som media, er eitt av kjenneteikna på ei krise.
Dersom det ikkje er god nok tilgang til sakleg og korrekt informasjon, blir det skapt rykte og
informasjon basert på personlege opplevingar eller kjensler.
Vegen er kort til at det i tillegg til den faktiske krisa, oppstår ei informasjonskrise med
negative konsekvensar. Mangel på informasjon kan føre til større skadeomfang enn
13
Page 15
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
naudsynt og i verste fall til panikk og kaos. Ei slik informasjonskrise vil også svekke tilliten til
kommunen og kommunen sitt omdøme.
Det er viktig å vere medviten om det mangfaldet av informasjonskanalar og tempoet som
informasjon blir spreidd med i dag, på godt og vondt. Det handlar ikkje lenger bare om
papiraviser, radio og TV, men i tillegg om sosiale media, bloggar, nettaviser/nettradio/nettTV
og ulike former for mobiltelefonbaserte kanalar.
Det visast også til pkt. 2.2.3 – Kriseleiinga sine oppgåver, under Tiltak ved etablering.
3.3 Organisering
Ved kriser eller når situasjonen er uoversiktleg kan informasjonstenesta etablerast heilt eller
delvis, eventuelt med ei gradvis opptrapping. Dette for å skaffe oversikt over situasjonen og
vere i forkant av eit aukande informasjonsbehov. Ved spesielle situasjonar kan det bli tale
om døgndrift.
I beredskapssamanhengar er det kun godkjent informasjon frå Kriseleiinga som skal bli
formidla. Dette av omsyn til innbyggjarane sin sikkerheit og handteringa av krisesituasjonen.
Informasjonstenesta ved kriser kan bli organisert på fylgjande måte:
Informasjonsleiar
Leiar fellestenesta
Presse- og Publikumsteneste Kommunen si Evakuerte- og
informasjonssenter pr telefon/ e-post heimeside pårørandesenter
3.4 Informasjonsleiar sitt ansvar og oppgåver
Ansvar
Etablere og leie kommunen si informasjonsteneste.
Arbeidsoppgåver
Innhente opplysningar om situasjonen og rapportere vidare til kriseleiinga.
Informere om farlege situasjonar som kan oppstå, og bidra til å hindre større skade.
Informere om forhold som verkar inn på både helsa og det sosiale, ressurssituasjon,
energispørsmål, kommunikasjon osv.
I samråd med politiet:
Gje informasjon til publikum/pårørande under og etter krisa.
Gje informasjon til innbyggjarane om situasjonen.
Informere media.
Gje media informasjon om pressekonferanse.
Utlevere pressemeldingar frå kriseleiinga.
Vise mediepersonar til opphaldsrom der dei kan vente på ny informasjon.
Informere eigne tilsette.
Støttefunksjonar
For å konkretisere ansvar, oppgåver og forventa utføring er det utvikla fylgjande
støttefunksjonar som rapporterar til informasjonsleiar:
o Presse- og informasjonssenter sjå punkt 3.9
14
Page 16
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
o Publikumstenesta på telefon, e-post og frammøte sjå punkt 3.10
o Evakuerte og pårørandesenter (EPS) sjå punkt 4.0
3.5. Bodskap
Alt informasjonsarbeid skjer i samråd med rådmann og ordførar og evt.
Politiet.
Informasjonen som går ut frå kommunen skal kvalitetssikrast for å unngå feilinformasjon eller
misforståingar.
I hovudsak er det Politiet som i akuttfasen uttalar seg om situasjonen på skadestaden,
skadeomfang og personskadar/omkomne. Kommunen bringar då dette vidare berre i den
utstrekning informasjonen er kvalitetssikra og avklara med Politiet. Kommunen vil normalt
ikkje informere om årsaksforhold.
Det er også Politiet som evt. gjev media tilgang til skadestaden.
Kommunen sitt informasjonsansvar består fyrst og fremst i å ivareta publikum slik at ikkje
skadane blir større enn naudsynt og slik at det ikkje oppstår unødig frykt, panikk eller kaos.
Det vil normalt vere ordførar som er kommunen sitt andlet utad også i krisesituasjonar.
Bodskap i krise fylgjer fylgjande prioritering:
Liv og helse.
Miljø.
Materielle verdiar.
3.6. Media, kanalar og varsling av folkesetnad
Gode rutiner for varsling av folkesetnad kan ha avgjerande skadeførebyggjande og
skadeavgrensande verdi.
Ved kriser er kommunen sine hovudkanalar ut mot publikum dei same som elles:
Telefon – svarteneste ved sentralbordet.
Internett – kommunen sin ordinære nettstad, intranett, sosiale medium som Facebook
og Twitter.
I hovudsak skjer informasjonsformidlinga ved at meldingar blir lagt ut på internett. Der blir
også oppgjeve telefonnummer for publikumskontakt og telefonnummer som politiet har
oppretta, og mediekontakt.
Alle spørsmål på telefon blir styrt til og via kommunen sitt sentralbord som eventuelt blir
forsterka med anna personell frå fellestenesta.
Det er viktig å syte for at:
15
Page 17
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
publikum, berørte, pårørande mv. i størst mogeleg grad kan betene seg sjølv via
nettløysingane.
flest mogeleg kan få enkle svar på sine spørsmål hos fellestenesta. Dette vil frigjere
ressursar som er naudsynte å bruke på å koordinere, ta avgjerder og utføre faglege
oppgåver.
Elles brukast etter behov:
SMS-varsling, telefonvarsling.
E-post.
Massemedia.
I heilt spesielle situasjonar kan også fylgjande kanalar takast i bruk:
dør-til-dør-aksjon, husbesøk.
Informasjonsmøte.
brosjyrar, løpesetlar, delt ut av kommunen sine tilsette, til dømes på skulane som
ranselpost.
Plakatoppslag.
Elektronisk Varsel
Dersom kommunen skaffar eit elektronisk system for akuttvarsling av folkesetnaden (t.d. via
SMS) vil det bli teke inn i varslingsplanen.
Internett i krisesituasjonar
Informasjon blir kunngjort på kommunen si ordinære internettside og leggjast slik at det alltid
ligg på toppen i nyheitsfeltet. Det er særleg viktig alltid å ha ajourført, oppdatert informasjon.
Hugs å oppdatere sjølv om det er lite nytt å fortelje – fortel i så fall akkurat det. Det må også
leggjast ei melding på intranettet om at tilsette må bruke inertnettsida for å halde seg
oppdatert.
3.7. Korleis møte media
Nokre generelle retningsliner/tips for kontakt med media. Dei fleste råda kan med fordel også
brukast i kontakt med berørte, pårørande osv.:
16
Page 18
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
Tenk gjennom bodskapen i forkant. Ei fornuftig rekkjefylgje kan vere:
Menneske/empati.
Miljø.
Materielle verdiar.
Handling – kva kommunen (evt. andre instansar) gjer.
Publikum – korleis andre bør/skal reagere i høve til situasjonen.
Ver så open som mogeleg, men ver medviten og marker tydeleg at det er klare grenser
for kva det er riktig at kommunen informerar om.
Media kan lett bli oppfatta som ein trussel eller ”klamp om foten” i ein krisesituasjon,
men må fyrst og fremst bli sett på som ein viktig ressurs for å få ut informasjon.
Ver rask. Kampen om sanninga handlar i stor grad om å vere fyrst på banen.
Media blir handsama med openheit og respekt, alle aktørar blir handsama likeverdig .
Ikkje la deg presse av medias tidspress eller deadline.
Før logg for kontakt med media – namn, medienamn, mobilnr. og e-postadresser,
tidspunkt for kontakt.
Avtaler med og lovnader til media skal haldast.
Usemje med media blir avklara i ettertid, helst med
redaksjonsleiinga.
Ikkje informer media før pårørande mv. er informert.
Ikkje bruk sperrefrist. Det som ikkje kan kunngjerast får vente.
Ver ærlig. Unngå spekulasjonar og vurderingar, hald deg i størst mogeleg grad til fakta.
Forsøk ei balansert framstilling – ikkje overdriv eller bagatelliser.
Forklar kvifor det er informasjon vi ikkje kan gå ut med – unngå ”Ingen kommentar”.
3.8 Presse- og informasjonssenter
Bemanning
Ordinær funksjon Funksjon ved etablering
Leiar Fellestenesta Leiar for presse- og infosenter
Konsulent Fellestenesta Informasjonsansvarleg
Lokale og kommunikasjon
Adresse, bygning, lokale
Kommunehuset, resepsjonen
Leiar av Presse- og informasjonssenteret skal sikre fylgjande:
Etablere senteret i tråd med vedtak i kriseleiinga.
Leggje forholda til rette for media slik at pressa får tilgang til informasjon.
Sende ut godkjende pressemeldingar og invitere til eventuelle pressekonferansar.
Notere alle spørsmål i eigen logg.
Ta i mot viktige meldingar og bringe desse til journalførar i kriseleiinga.
Føre oversikt over presserepresentantar som har vore innom pressesenteret.
Registrere informasjonsbehov på eigen flippover.
Setje opp vaktlister og føreslå bemanning for informasjonsleiar.
Utstyr presse- og informasjonssenter:
Telefon og telefaks. PC med internett og skrivar.
Radio, TV, kopimaskin, overhead, prosjektør, lerret, flippover, peikestokk mv.
Sanitærforhold og mogelegheit for kost og losji.
17
Page 19
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
Flippover/tavle til oversikt for viktige meldingar og anna.
3.9 Publikumstenesta
Bemanning
Ordinær funksjon Funksjon ved etablering
Leiar Fellestenesta Leiar for publikumstenesta
Person med aktuell administrativ medarbeidar
kompetanse, antal etter behov
Lokale og kommunikasjon
Adresse, bygning, lokale Telefonar, telefaks, e-post osv.
Kommunehuset Leiar Fellestenesta 35 04 84 03
Leiar av publikumstenesta held kontakt med næraste føresette som er informasjonsleiar (
Dersom krisa/katastrofa har ei slik geografisk plassering at det er meir høveleg å etablere
seg i andre lokale, skal kriseleiinga vurdere kor dette skal etablerast.
Leiar for publikumstenesta skal sikre fylgjande:
Etablere publikumstenesta i tråd med vedtak i kriseleiinga.
Handtere spørsmål frå publikum på ein korrekt, effektiv og omsynsfull måte og at
berre godkjent informasjon blir gjeven.
Påsjå at viktige meldingar blir sendt til loggførar i kriseleiinga sitt sekretariat.
Skaffe oversikt over aktuelle telefonnummer/adresser som kan
vidareformidlast til publikum.
Handtere vaktlister og føreslå bemanning for informasjonsleiar.
4. Plan for evakuerte- og pårørandesenter (EPS)
I gitte situasjonar kan personar måtte flyttast frå eit farleg til eit trygt område. Det kan vere
fordi det ikkje er mogeleg å forsyne dei med naudsynte tenester (vatn, straum, mv.), fordi det
medfører fare å opphalde seg på staden (brann, eksplosjon, lekkasje av farlege stoff mv.)
eller at deira nærvær forstyrrar redningsarbeid elles.
Handtering av evakuerte og pårørande som har vore involvert i ei uønska hending eller
krise, er beskrive i Politiets beredskapssystem kapittel 11. Her står det blant anna at
kommunen har hovudansvaret for at alle som bur eller oppheld seg i kommunen blir godt
ivaretekne. Det inneber blant anna at kommunen har ansvaret for å opprette og drifte eit
senter for evakuerte og pårørande, når det er naudsynt eller politiet ber om det.
Eit slikt senter, som vanlegvis blir forkorta EPS, kan bli etablert i eigna lokale som skular,
idrettsanlegg, forsamlingshus eller overnattingsetablissement. Senteret skal kunne ta i mot
fysisk uskadde personar som er evakuert frå ein skadestad, men skal også kunne ta hånd
om pårørande til involverte i ei uønska hending. Kapasitetsbehovet for eit slikt senter kan
variere mykje alt etter omfanget av krisa. Det bør difor vere fleire alternative EPS.
18
Page 20
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
Kommunen må bemanne EPS med leiing og fagleg kompetente personar. Politiet vil stille
personell til disposisjon for å ivareta oppgåver som registrering, avhøyr, varsling av
pårørande, informasjon, mediehandtering, transport mv. Det vil også vere naturleg å bruke
ressurspersonar frå kommunen sitt kriseteam i EPS.
Bemanning av EPS
Ordinær funksjon i kommunen Funksjon ved etablering av Tal
EPS
Avdelingsleiar Mila Leiar for EPS 1
Medarbeidar helse Informasjonshandtering 1
Medarbeidar teknisk Loggførar 1
Medarbeidar personal, løn, teknisk Registrering, tilgjengekontroll, Etter behov
forvalting, økonomiavdeling vakt, forpleiing
Kommunen sin utpeika leiar av EPS har kontakt med kriseleiinga med informasjonsleiar som
næraste føresette. Han eller ho må også ha kontakt med politiet og redningsleiinga.
Det er politiet og redningsleiinga som skal gje direktiv om kor EPS skal bli etablert og korleis
EPS skal fungere og operere. Det kan også vere aktuelt å samarbeide med andre
«ulukkeseigarar» om oppretting og drift av EPS.
Kommunen sin leiar av EPS må i tillegg samarbeide nært med aktuelle redningsaktørar om
utføring av oppgåver i EPS.
Lokale for EPS
Adresse, bygning, lokale Telefonar, telefaks, e-post osv. Kapasitet
Sagvegen 13, Mila 350 45 480 50
Leiar for EPS skal sikre at fylgjande blir ivareteke:
Ta i mot personar som er evakuert frå ein ulukkesstad og gje desse omsorg og
pleie.
Leggje forholda til rette for at pårørande til omkomne, skadde og evakuerte kan
samlast, få støtte, menneskeleg omsorg og informasjon.
Skjerme pårørande frå media.
Etablere eit system for registrering av alle som er evakuerte i samarbeid med
politiet.
Etablere ei telefonvakt for å imøtekome spørsmål frå publikum/pårørande på ein
korrekt, effektiv og omsynsfull måte.
Skaffe oversikt over aktuelle telefonnummer/adresser som kan vidareformidlast til
publikum.
Bringe vidare spørsmål som dei ikkje kan svare på til riktig etat eller til kriseleiinga.
Etablere kontakt med prest og kriseteam ved behov.
Sikre enkel forpleiing eller utvida forpleiing i samarbeid med kriseleiinga og friviljuge
organisasjonar.
Ordne forlegning etter avtale med kriseleiinga.
Notere på eiga tavle registrerte informasjonsbehov.
Setje opp vaktlister og føreslå bemanning for informasjonsleiar.
Iverksetje særlege tiltak ved krise på bakgrunn av ein smittesituasjon, sjå
smittevernplanen.
19
Page 21
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
Utstyr ved EPS:
Telefonar med kjende nummer, telefaks og kopimaskin.
Telefaks, TV og videospelar.
Overhead, lerret, flippover, peikestokk, lerret mv.
Eige PC-kontaktpunkt for tilgang til internett.
Ekstern e-post føreset eigen PC.
Sanitærforhold og mogelegheit for kost og losji.
Rom der ein kan vere aleine.
Rom til prest/kriseteam.
5. Plan for evakuering og plan for varsling av
folkesetnaden
5.1 Plan for evakuering
5.1.1 Bemanning og innkvarteringsstader
Evakuering av personar frå eit skadeområde eller eit utsett område i kommunen til ein annan
stad i eller utanfor kommunen blir normalt iverksett og leia av politiet/LRS.
Når kommunen mottek oppmodning om støtte til evakuering, kan denne førebudde plan for
evakuering bli iverksett. Dei personane som er lista nedanfor er tekne ut til å leie og
gjennomføre evakueringar.
Bemanning
Ordinær funksjon Funksjon ved etablering Tal
Avd.ing teknisk eining Leiar for evakuering
1
Driftspersonell teknisk eining Medarbeidarar for 5
gjennomføring av evakueringa
Brannmannskap Medarbeidarar for 16
gjennomføring av evakueringa
I Nissedal kommune er det Mila som er EPS ved kriser.
Dersom hendinga er større enn kapasiteten ved Mila vil ein nytte næraste hotell som vil vere
på Gautefall eller i Vrådal.
Innkvarteringsstader
Bygning / etablissement Kontaktperson Plass til tal
Mila Hilde Nore 50
5.1.2 Oppgåver til evakueringsleiinga
Skaffe oversikt over evakueringsområdet (kven som bur der mv.).
20
Page 22
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
Informere folkesetnaden i det området som skal evakuerast om kva dei skal ta
med seg mv.
Skaffe eigna transportmiddel.
Samle personar i eigna lokale når ikkje innkvartering kan skje direkte.
Foreta registrering over kven som innkvarterast kvar, kven som flyter på eiga
hand mv.
Kontrollere at evakueringsområdet er tomt og setje ut vaktmannskap.
Bistå ved behandling av skadde og personar med psykiske problem mv.
Samarbeide nært med politiet/innsatsleiar.
Syte for forpleiing og eventuelt klede.
Utføre oppgåver innan omsorg i samarbeid med helsepersonell eller friviljuge
organisasjonar.
Gje jamleg informasjon til kriseleiinga.
5.2 Plan for varsling av folkesetnaden
Gode rutiner for varsling av folkesetnad kan ha avgjerande skadeførebyggjande og skade-
avgrensande verdi. Denne planen gjev difor ein oversikt over korleis kommunen kan varsle
innbyggjarane utover det som blir gjeve frå andre styresmakter til dømes via media.
Den mest effektive måten å halde innbyggjarane informert på er gjennom kommunen si
heimeside, under føresetnad av at teknikken fungerar og at folk kan motta internett.
Det er fleire måtar å informere innbyggjarar i kommunen på dersom ikkje informasjon via
internett og massemedia er tilstrekkeleg. Det kan vere å distribuere brev i postkassene,
informasjonsmøte, plakatoppslag, lokalradio, telefon, via skulane til elevane, ved
høgtalarbilar, ved å oppsøke husstandar mv.
Elektronisk Varsel
Dersom kommunen skaffar eit elektronisk system for akuttvarsling av folkesetnaden (t.d. via
SMS) vil det bli teke inn i varslingsplanen.
6. Ressursoversikter
6.1 Tilvising
I forskrift om kommunal beredskapsplikt står at kommunen sin beredskapsplan skal
innehalde ei ressursoversikt med opplysingar om kva for ressursar kommunen sjølv har til
rådvelde og kva for viktige ressursar som er tilgjengelege hos andre aktørar ved uønska
hendingar.
I vår kommune er denne oversikten innarbeidd i varslingslista.
21
Page 23
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
7. Varslingsliste
7.1 Varslingsliste for Nissedal kommune si krisehandtering (vedlegg)
Varslingslista er eit eige vedlegg til denne planen, og blir jamleg oppdatert av
beredskapskoordinator.
Dokumentet er unnateken offentleigheiten.
22
Page 24
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
8. Tiltakskort førebudde for spesielle hendingar
8.1 Naturbaserte- og klimahendingar
Ekstrem vær (vind, varme og kulde)
Omtale av Ekstrem nedbør
uønska Skred (fjell, jord, kvikkleire og snø) og
steinsprang
hending
Flaum
Overvatn
Vassinntrenging
Fare for liv og helse
Konsekvensar Svikt / stans i kritisk infrastruktur, verksemder og
ved at hendinga næring
Stengde skular og barnehagar
skjer
Redusert drift og tilbod i helse og omsorg
Redusert tilbod/drift i andre kommunale tenester
Evakuering av brukarar/innbyggjarar
Redusert framkome
Overorda beredskapsplanar (kriseleiing, varsling,
Kva informasjon og kommunikasjon, ressursar,
evakuering og varsling av folkesetnad)
førebuingar
Verksemdbaserte beredskapsplanar for utsette
er gjort
verksemder samt kritiske tenester og
i kommunen
ansvarsområde
Beredskapsplanar for psykososialt kriseteam
Beredskapsplan for EPS
Beredskapsavtaler med nabokommunar og
friviljuge organisasjonar
Samle kriseleiinga i samsvar med planverk med
Kva tiltak skal liaison frå politiet.
leiinga i Varsle vakthavande brannsjef og VA/teknisk vakt
(90021442)
kommunen
Iverksetje plan for krisekommunikasjon så tidleg
iverksetje, dersom
som mogeleg
den uønska Vurder: Iverksetje plan for evakuering og varsling
hendinga av folkesetnad i samråd med politiet
Vurder: Etablere EPS i samråd med politiet.
skjer?
Vurder: Kva for kommunale tenester og tilbod
som skal bli redusert og drifta vidare
Vurder: Stenging av kommunale tenester
Vurder: Varsling av samarbeidspartnarar som
andre nabokommunar og friviljuge
organisasjonar.
Skaff tilstrekkeleg med personell og
materiellressursar (ressurslister) R
Rapportere til Fylkesmannen og andre relevante
aktørar
23
Page 25
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
8.2 Samfunnskritisk infrastruktur og verksemdbaserte farar
Svikt/stans i kraftforsyning
Omtale av Svikt/stans i vassforsyning
uønska Svikt/stans i avløpshandtering
Redusert framkome
hending
Uhell ved industrien (storulukkebedrift)
Uhell med transport av farleg gods
Akutt forureining
Fare for liv og helse
Konsekvensar Svikt / stans i kritisk infrastruktur, verksemder og
ved at hendinga næring
Stengde skular og barnehagar
skjer
Redusert drift og tilbod i helse og omsorg
Redusert tilbod/drift i andre kommunale tenester
Evakuering av brukarar/innbyggjarar
Redusert framkome
Overordna beredskapsplanar (kriseleiing,
Kva varsling, informasjon og kommunikasjon,
ressursar, evakuering og varsling av folkesetnad)
førebuingar
Verksemdbaserte beredskapsplanar for utsette
er gjort
verksemder samt kritiske tenester og
i kommunen
ansvarsområde
Beredskapsplanar for psykososialt kriseteam
Beredskapsplan for EPS
Beredskapssamarbeid med industriberedskap og
samordning av beredskapsplanverk
Beredskapsavtaler med nabokommunar og
friviljuge organisasjonar
Samle kriseleiinga i samsvar med planverk med
Kva tiltak skal liaison frå politiet.
leiinga i Varsle vakthavande brannsjef og VA/teknisk vakt
(90021442)
kommunen
Iverksetje plan for krisekommunikasjon så tidleg
iverksetje, dersom
som mogeleg
den uønska Vurder: Iverksetje plan for evakuering og varsling
hendinga av folkesetnad i samråd med politiet
Vurder: Etablere EPS i samråd med politiet
skjer?
Vurder: Kva for kommunale tenester og tilbod
som skal bli redusert og drifta vidare
Vurder: Stenging av kommunale tenester
Vurder: Varsling av samarbeidspartnarar som
andre nabokommunar og friviljuge organisasjonar
Skaff tilstrekkeleg med personell og
materiellressursar (ressurslister)
Rapportere til Fylkesmannen og andre relevante
aktørar
24
Page 26
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
8.3 Menneskeskapte handlingar og trusselsituasjonar
Uhell/ulukke ved store arrangement
Omtale av Stor ulukke (bil, vogntog, båt på Nisser)
uønska Sabotasjehandlingar
Kriminalitetsrelaterte handlingar
hending
Tilsikta hendingar
Terrorhandlingar
Fare for liv og helse
Konsekvensar Svikt / stans i kritisk infrastruktur, verksemder og
ved at hendinga næring
Stengde skular og barnehagar
skjer
Redusert drift og tilbod i helse og omsorg
Redusert tilbod/drift i andre kommunale tenester
Evakuering av brukarar/innbyggjarar
Redusert framkome
Frykt blant innbyggjarane
Overordna beredskapsplanar (kriseleiing,
Kva varsling, informasjon og kommunikasjon,
ressursar, evakuering og varsling av folkesetnad)
førebuingar
Verksemdbaserte beredskapsplanar for utsette
er gjort
verksemder samt kritiske tenester og
i kommunen
ansvarsområde
Beredskapsplanar for psykososialt kriseteam
Beredskapsplan for EPS
Beredskapsavtaler med nabokommunar og
friviljuge organisasjonar
Samle kriseleiinga i samsvar med planverk med
Kva tiltak skal liaison frå politiet.
leiinga i Varsle vakthavande brannsjef) og VA/teknisk vakt
(90021442)
kommunen
Iverksetje plan for krisekommunikasjon så tidleg
iverksetje, dersom
som mogeleg
den uønska Vurder: Iverksetje plan for evakuering og varsling
hendinga av folkesetnad i samråd med politiet
Vurder: Etablere EPS i samråd med politiet.
skjer?
Vurder: Kva for kommunale tenester og tilbod
som skal bli redusert og drifta vidare
Vurder: Stenging av kommunale tenester
Vurder: Varsling av samarbeidspartnarar som
andre nabokommunar og friviljuge organisasjonar
Skaff tilstrekkeleg med personell og
materiellressursar (ressurslister)
Rapportere til Fylkesmannen og andre relevante
aktørar
25
Page 27
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
8.4 Pandemi/epidemi
Omtale av uønska Utbrot av pandemiar eller epidemiar med smittsame
hending sjukdomar som rammar i hovudsak fleire individ enn
forventa.
Fare for tap av menneskeliv
Konsekvensar Behandlingskapasitet sjukehuset
ved at hendinga Informasjonsbehov
skjer Oppfylging i høve til pårørande
Alvorlege sjuke
Samanbrot samfunnsfunksjonar
Personellsvikt / Høgt sjukefråvær
Samfunnsøkonomiske konsekvensar
Plan for god helse og sosial beredskap m/tiltakskort
Kva pandemiberedskap
førebuingar Pandemiplan
er gjort Smittevernplan
i kommunen Informasjonsplan
Dersom det skjer eit utbrot av pandemiar/epidemiar
Kva tiltak skal skal kommuneoverlegen bli varsla i samsvar med
leiinga i kommunen smittevernlova
iverksetje, dersom den Kommuneoverlegen vurderar storleiken på
pandemien/epidemien, og om det er auka behov for
uønska hendinga
informasjon til publikum og auka behov for personell-
skjer ?
og ressursstyring.
Kommunen si kriseleiing trer saman etter tilråding frå
kommuneoverlegen.
Kommunen trekkjer inn ekstern kompetanse dersom
naudsynt.
Planar for publikumsinformasjon, evt. vaksinering,
hastebehandling, intern omstrukturering og
personellflyt blir iverksett i høve til pandemiens/
epidemiens karakter.
Evaluering etter handteringa av pandemien/
epidemien blir gjennomført i etterkant
26
Page 28
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
8.5 Forureining og svikt i vassforsyning
Omtale av uønska Svikt i vassforsyningsanlegget, brann, sabotasje,
hending straumutfall, svikt i teknisk anlegg, flaum.
Svikt i teknisk utstyr, staumutfall/hærverk/sabotasje i
pumpestasjonar og høgdebasseng
Ekstrem tørke
Forureining pga. radioaktivt nedfall
Fare for sjukdom og smitte
Konsekvensar Hygieniske konsekvensar
ved at hendinga Fråfall personell i viktige funksjonar
skjer Brann vanskeleg å handtere
Informasjonsbehov
Samfunnsøkonomiske konsekvensar
Vedlikehaldsrutiner
Kva Internkontrollrutiner
førebuingar Høgdebasseng
er gjort Reservevasskjelde
i kommunen Mobile vasstankar
Skaffe oversikt over situasjonen
Kva tiltak skal Om naudsynt – etablere kriseleiing og kalle saman
leiinga i kommunen fagleg kompetanse
iverksetje, dersom den Etablere felles forståing for kor omfattande problema
uønska hendinga er
skjer ? Iverksetje strakstiltak for å hindre større skade eller
hærverk, og om naudsynt etablere vakthald
Utføre vassanalyser
Iverksetje varsling av sentrale aktørar internt i
kommunen og nabokommunane. Herunder setje opp
skilting på skadestaden eller stader med fare for
overvatn, utrasing, forureining og gje meldingar via
media og internett.
Iverksetje informasjonstiltak internt og eksternt
koordinert med andre informasjonsansvarlege
Etablere om naudsynt arbeidsgrupper for handtering
av problema, krisevassforsyning
Raskast mogeleg syte for normalvassforsyning
27
Page 29
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
8.6 Brann i institusjon
Omtale av uønska Gløymt stearinljos
hending Røyking på senga
Dårlege elektriske anlegg
Rakettar
Lynnedslag
Feil på fyringsanlegg
Pyroman
Konsekvensa Fare for tap av menneskeliv
ved at hendinga Behandlingskapasitet/redusert normaldrift
skjer Informasjonsbehov
Oppfylging av pårørande
Evakuering
Påtrykk frå media
Kva Brannvarslingsanlegg/alarmar
førebuingar Tilsyn av bygningane
er gjort Interne rutiner/øvelsar
i kommunen Skilting
Info-tavler
Installert sprinkling
Automatisk brannseller
Evakueringsplan
Reservebustad/innkvarteringsplan
Plan for etablering av EPS senter
Plan for psykososialt kriseteam
Kva tiltak skal Etablering av kriseleiinga
leiinga i kommunen Oppfylging av pårørande
iverksetje, dersom den Evakuering og innkvartering
uønska hendinga Etablering av EPS senter
skjer? Psykososialt kriseteam fylgjer opp traumatiserte,
pårørande m.v.
Informasjon presse
Planleggje forpleiing
28
Page 30
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
8.7 Terroraksjon
Omtale av uønska Organisert kriminalitet
hending Religions- og samfunnskonflikt
Ustabile personar
Konsekvensar Fare for tap av menneskeliv
ved at hendinga Informasjonsbehov
skjer Oppfylging av skadde og pårørande
Økonomisk tap
Påtrykk frå media
Traumatiserte personar med sæskilt behov for
oppfylging
Kva Informasjonstiltak om politiet sitt arbeid for tilsette
førebuingar Kriseplanar for skular
er gjort Kriseplanar for barnehagar
i kommunen Psykososialt kriseteam
Kva tiltak skal Etablere kriseleiinga
leiinga i kommunen Kontakte politiet og andre relevante ressursar
iverksetje, dersom den Varsle Fylkesmannen
uønska hendinga Etablering av psykososialt kriseteam
skjer? Varsle sjukehuset
Informasjon i samsvar med plan
29
Page 31
Overordna beredskapsplan for Nissedal kommune
9. Orientering om bakgrunn for planarbeidet
I samsvar med §15 i «Lov om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og
Sivilforsvaret» av 25. juni 2010 nr. 45, skal kommunen utarbeide ein beredskapsplan.
Det står vidare i lova at beredskapsplanen skal innehalde ein oversikt over kva tiltak kommunen
har førebudd for å handtere uønska hendingar. Som eit minimum skal beredskapsplanen
innehalde ein plan for kommunen si kriseleiing, varslingslister, ressursoversikt, evakueringsplan
og plan for informasjon til folkesetnaden og media.
§15 i lova blir avslutta med at beredskapsplanen skal vere oppdatert og reviderast minimum éi
gong per år. Kommunen skal syte for at planen blir jamleg øvd.
I samsvar med § 5 i «Forskrift om kommunal beredskapsplikt» av 22. august 2011 skal
kommunen vere førebudd på å handtere uønska hendingar, og skal med utgangspunkt i den
samla risiko- og sårbarhetsanalysen utarbeide ein Overordna beredskapsplan. Kommunen sin
overordna beredskapsplan skal samordne og integrere andre beredskapsplanar i kommunen.
Den skal også vere samordna med andre relevante offentlege og private krise- og
beredskapsplanar.
Forskrifta listar vidare opp kva for innhald ein overordna beredskapsplan minimum skal
innehalde, og at den kan bli utarbeidd som ein handlingsdel til kommunedelplanen i samsvar
med plan- og bygningslova.
I «Veiledning til forskrift om kommunal beredskapsplikt» utgjeven av DSB i februar 2012, blir det
gjeve nærare retningsliner for kva den overordna beredskapsplanen i kommunen skal innehalde.
Overordna beredskapsplan må bli laga i eit tal papirutgåver som blir oppbevara sentralt.
Men planen bør også finnast på kommunen sitt intranett slik at alle aktuelle personar i
kommunen har lett tilgang til planen.
Treungen, 26. mai 2016
Kjell Vøllestad
Beredskapskoordinator
Nissedal kommune
30