Norske kommunale beredskapsplaner

Kartlegging av overordnede beredskapsplaner og dekning av sårbare grupper

Surnadal

Lastet ned
Kode: 1566 · Fylke: Møre og Romsdal · Nettside: https://www.surnadal.kommune.no/ · PDF: Last ned

Sårbare grupper (3 av 17 grupper nevnt)

Eldre (1 treff)

EPS skal gi psykososial omsorg og tilby tolketjenester, og prioriterte bygninger for straumleveranse inkluderer sjukeheim og omsorgsboliger.konkret tiltak
• Registrere dei som blir evakuert og eventuelt kven som blir evakuert kor, kven som flytter på eiga hand m.v. • Gi psykososial omsorg og samtaletjenester. • Sørge for forpleining og forlegning. • Legge til rette for gjenforening med pårørande. • Tilby tolketjenester Det er inngått avtale med Thon Hotel Surnadal som hovudstad for å etablere EPS i kommunen. Surnadal kulturhus er eit alternativt lokale. Kommunen må også være forberedt på å opprette EPS i eit ikkje planlagt lokale ut frå direktiv f...

Psykisk helse (2 treff)

Retningsliner for psykososialt kriseteam er oppført i oversikten over beredskapsplaner med psykiatrisk sjukepleiar som saksbehandler.
6 Oversikt over beredskapsplanar i kommunen Utdrag frå Forskrift om kommunal beredskapsplikt § 4 Beredskapsplan: ‘’…Kommunens overordnede beredskapsplan skal samordne og integrere øvrige beredskapsplaner i kommunen. Den skal også være samordnet med andre relevante offentlige og private krise- og beredskapsplaner.’’ Under følger ei oversikt over beredskapsplanar og -dokument i kommunen. Beredskapsdokument Saksbehandlar Styringsdokument Beredskapskoordinator Plan for risiko og sårbarheitsanalyse B...
EPS skal gi psykososial omsorg og tilby tolketjenester, og prioriterte bygninger for straumleveranse inkluderer sjukeheim og omsorgsboliger.konkret tiltak
• Registrere dei som blir evakuert og eventuelt kven som blir evakuert kor, kven som flytter på eiga hand m.v. • Gi psykososial omsorg og samtaletjenester. • Sørge for forpleining og forlegning. • Legge til rette for gjenforening med pårørande. • Tilby tolketjenester Det er inngått avtale med Thon Hotel Surnadal som hovudstad for å etablere EPS i kommunen. Surnadal kulturhus er eit alternativt lokale. Kommunen må også være forberedt på å opprette EPS i eit ikkje planlagt lokale ut frå direktiv f...

Språkbarrierer (1 treff)

EPS skal gi psykososial omsorg og tilby tolketjenester, og prioriterte bygninger for straumleveranse inkluderer sjukeheim og omsorgsboliger.konkret tiltak
• Registrere dei som blir evakuert og eventuelt kven som blir evakuert kor, kven som flytter på eiga hand m.v. • Gi psykososial omsorg og samtaletjenester. • Sørge for forpleining og forlegning. • Legge til rette for gjenforening med pårørande. • Tilby tolketjenester Det er inngått avtale med Thon Hotel Surnadal som hovudstad for å etablere EPS i kommunen. Surnadal kulturhus er eit alternativt lokale. Kommunen må også være forberedt på å opprette EPS i eit ikkje planlagt lokale ut frå direktiv f...

Plantekst

Page 1

OVERORDNA BEREDSKAPSPLAN 2024 Vedtatt i kommunestyret 14.02.2024. Administrativ rullering 01.03.2025

Page 2

Innhold 1 Formål ................................................................................................................................. 2 2 Mål ...................................................................................................................................... 2 3 Lovheimel for beredskapsarbeidet ..................................................................................... 2 4 Hovudprinsipp – kommunerolle ......................................................................................... 3 5 Ansvarsfordeling for beredskapsarbeidet ........................................................................... 4 5.1 Overodna mål og retningsliner ................................................................................... 4 5.2 Kriseleiinga .................................................................................................................. 4 5.3 Beredskapsrådet ......................................................................................................... 5 5.4 Psykososialt kriseteam ................................................................................................ 6 6 Oversikt over beredskapsplanar i kommunen .................................................................... 7 7 RAYVN – krisestøtteverktøy ................................................................................................ 8 8 Plan for krisekommunikasjon.............................................................................................. 8 8.1 Ansvarsfordeling krisekommunikasjon ....................................................................... 9 9 Plan for befolkningsvarsling .............................................................................................. 10 10 Plan for oppretting og drift av evakuerte- og pårørandesenter (EPS) .......................... 11 11 Prioriterte bygningar for straumleveranse ................................................................... 12 12 Distribusjon av beredskapsplanverket ........................................................................ 14 13 Vedlegg ......................................................................................................................... 14 13.1 Varslingslister ............................................................................................................ 14 13.2 Ressursoversikt ......................................................................................................... 14 1

Page 3

1 Formål Overordna beredskapsplan byggjer på Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (H-ROS), vedtatt av kommunestyret 14.02.2024. Planen skal sikre at tverrsektoriell handtering av uønska hendingar er samordna. Den overordna beredskapsplanen skal vidare vere samordna med andre relevante krise- og beredskapsplanar. Styringsdokumentet for kriseleiinga er eit vedlegg til den overordna beredskapsplanen. Planen er retta mot kriseleiinga, og skal vere eit utfyllande oppslagsverk for å handtere dei uønska hendingane som framkjem i H-ROS analysen. 2 Mål Surnadal kommune skal vere ein trygg kommune å bu i. Kommunen skal førebygge kriser og uønska hendingar gjennom beredskapsmessige omsyn ved kommunal planlegging, utbygging og drift. Når uønska hendingar likevel skjer, skal kommunen vere i stand til å takle dei på ein god måte. Beredskapsplanen skal sikre at beredskapsarbeidet blir gjennomført på ein slik måte at det oppfyller krava i lov og forskrift og sikrar god beredskap i heile organisasjonen. Vidare skal den sikre godt samarbeid med andre offentlege og private aktørar, og tilfredsstillande trening av personell som har rollar i beredskapsarbeidet. Uføresette kriser og beredskap Heilskapleg ROS-analyse skal leggast til grunn for kommunen sitt arbeid med samfunnssikkerheit og beredskap. Surnadal kommune sin ROS-analyse gir ei god oversikt over risiko og sårbarheit. Vi har ein infrastruktur og busetting som er godt rusta med tanke på beredskap og samfunnssikkerheit. Det viktige er fortsatt god planlegging som førebygger uønska hendingar. Det er likevel alltid ein risiko for at det kan skje uføresette kriser lokalt, nasjonalt eller internasjonalt, som kan påverke kommunens innbyggarar, næringsliv, økonomi og tenesteyting. Kommunen må sikre ein beredskap og økonomisk bærekraft som på best mogleg måte kan handtere raske og nødvendige omstillingar. Eksempel på uføresette hendingar kan vere krig, økonomiske kriser, naturkatastrofar og pandemiar, med Covid-19 og Gyda som gode eksempel på dei to sistnemnde. 3 Lovheimel for beredskapsarbeidet Sivilbeskyttelseslova av 25. juni 2010. Forskrift om kommunal beredskapsplikt av 22. august 2011 2

Page 4

4 Hovudprinsipp – kommunerolle Samfunnssikkerheit handlar om eit samfunn si evne til å ta vare på liv og helse, og dekke grunnleggande behov for innbyggjarane, samt oppretthalde viktige funksjonar under ulike påkjenningar. Kommunane er ein viktig del av den totale samfunnsberedskapen. God samfunnssikkerheit føreset førebygging av uønska hendingar, og beredskap som reduserer skadeverknadane når noko likevel går gale. Alt beredskapsarbeid skal kvile på fire hovudprinsipp: ANSVARSPRINSIPPET: Den sektoren/eininga/leiaren som har ansvaret i det daglege, har også ansvar for ROSanalyser, skadeførebygging og beredskapstiltak. NÆRLEIKPRINSIPPET: Kriser bør handterast på lavast moglege myndigheitsnivå LIKSKAPSRINSIPPET: Organisasjonen som skal handtere ei krise eller ulykkeshending, bør vere mest muleg lik den organisasjonsstrukturen som ein har ved normal drift. SAMVIRKEPRINSIPPET: Myndigheit, verksemd eller eining har eit sjølvstendig ansvar for å sikre best mogleg samvirke med relevante aktørar i arbeidet med førebygging, beredskap og krisehandtering. Ein beredskapsplan blir definert som «førebudde handlingar for å møte ulykker og andre uønska hendingar utover det som blir rekna om normalrisiko og normalpåkjenning». Surnadal kommune har ansvar for å foreta ROS-analysar og innarbeide god krisehandteringsevne i samfunnsplanlegginga: 1. Sette mål og forplikte organisasjonen gjennom vedtak i styrande organ. 2. Utvikle kartlegging og krisehandteringsevne gjennom relevante undersøkingar/planar/opplæring/godt utstyr og øvingar i einingane og i den administrative organisasjonen. 3. Utarbeide beredskapsplanar for situasjonar der den ordinære organisasjonen ikkje er tilstrekkeleg 4. Evaluere og utvikle arbeidet gjennom faste rutinar for ajourhald og revisjon. 3

Page 5

5 Ansvarsfordeling for beredskapsarbeidet 5.1 Overodna mål og retningsliner Kommunestyret vedtek overordna mål og retningsliner for alt kommunalt arbeid som har med samfunnssikkerheit, krise og beredskap å gjere. 5.2 Kriseleiinga Kriseleiinga i Surnadal kommune er kommunen sitt operative styringsorgan for å handtere samfunnsmessige alvorlege og uføresette hendingar som større ulykker, skred, sterk vind, flaum m.m. Kriseleiinga er samansett av: • Ordførar (leiar) • Varaordførar • Kommunedirektør • Assisterande kommunedirektør/ kommunalsjef helse- og omsorg • Kommunalsjef oppvekst • Kommunalsjef samfunn • Kommuneoverlege • Beredskapskoordinator • Brannsjefen • Kommunikasjons- og RAYVN-ansvarleg • Stasjonssjefen på Surnadal politistasjon Andre deltakarar Medlemmar som ikkje er faste kan bli kalla inn og tiltre under heile eller delar av kriseleiinga sitt arbeid. Leiar kan ut over dette supplere og forsterke kriseleiing med personar med nødvendig fagkompetanse ut i frå situasjonen. Medlemmar kan bli nytta til andre oppgåver om deira fagrolle blir avgrensa under ei konkret hending. Kriseleiinga si oppgåve er mellom anna rapportering til stasforvaltaren, skaffe oversikt, bestemme iverksetting av tiltak og planar, prioritere bruk av tilgjengelege ressursar og sørge for varsling og informasjon til innbyggarar, media og aktuelle beredskapsaktørar. Kriseleiinga kan bruke inntil kr 1 000 000 utan særskild løyving i budsjettet til rednings- og skadereduserande tiltak i ein akuttsituasjon. Denne fullmakta er gitt ved kommunestyrevedtak den 24.06.1999 med heimel i kommunelova § 13. 4

Page 6

Det er ikkje utnemnt vararepresentantar til den kommunale kriseleiinga, da kriseleiinga er breitt samansett. Ordførar har det overordna ansvaret og er leiar i kriseleiinga. Ordførar er også kommunen sitt ansikt utad i ein krisesituasjon. Det kan likevel oppstå situasjonar der sektorleiar må informere om situasjonen i sin sektor. Kommunedirektør skal følge opp dei overordna måla for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap på tenestenivå, og er mellom anna ansvarleg for å koordinere aktivitetane i kommuneorganisasjonen. Beredskapskoordinatoren er ein fagansvarleg som på vegne av kommunedirektøren og ordførar følger opp og koordinerer arbeidet med beredskapen i Surnadal kommune. Beredskapskoordinator har følgande funksjonar: • Sørge for at beredskapsarbeidet er kjent i organisasjonen. • Ta initiativ til arbeid med identifisering av risiko, gjennomføring av ROS- analysar og etablering av rutinar. • Delta i kriseleiinga. • Vere oppdatert på beredskapsarbeid. • Vere kontaktperson mot Statsforvaltaren i det praktiske beredskapsarbeidet. Kvar enkelt einingsleiar er ansvarleg for at: • beredskapsplanar knytt til verksemda blir oppdaterte og gjort kjent. • planverk blir gjennomgått éin gong i året på personalmøte. • risiko og sårbarheitsanalyser som vedkjem verksemda blir gjennomført. 5.3 Beredskapsrådet Beredskapsrådet er eit rådgivande samordningsorgan med medlemmar frå kommunen, frivillige organisasjonar, lokale statlege organ og forsvar/sivilforsvar. Ordføraren er leiar av beredskapsrådet og sørger for innkalling, jf. varslingsliste. Beredskapsrådet blir kalla inn når beredskapsrådet sin leiar (ordføraren) eller kommunedirektøren bestemmer det. Beredskapsrådet i Surnadal kommune er sett saman slik: • Ordførar (leiar) • Kommunedirektør • Beredskapskoordinator 5

Page 7

• Brannsjefen • Seksjonsleiar Ambulansen for Sunndal, Surnadal og Nesset • Kommunikasjons- og RAYVN-ansvarleg • S-nett (Svorka) v/ beredskapskoordinator • Surnadal politistasjon • Mattilsynet • HV-områdesjefen • Jordbrukssjefen • Skogbrukssjefen • Kommuneoverlegen • Leiar for NAV • Presten i Surnadal • Surnadal Røde Kors • Sanitetsforeiningane v/beredskapskontakt • Sivilforsvaret • Transport • Varehandel Beredskapsrådet skal vere eit forum for samarbeid og gjensidig informasjon om status for beredskapen i dei ulike gruppene i rådet. Beredskapsrådet skal møtast minst annakvart år. Aktuelle tema som kan bli drøfta/presentert i beredskapsrådet er: • Risiko- og sårbarheitsanalyser • Gjensidig orientering om beredskapsarbeid, og informasjon om aktivitetar som styrker samarbeidet • Planlagte øvingar og evalueringar • Avklare kven som har ansvar for kva • Presentasjon og diskusjon av beredskapsplanar • Gjennomgang av eventuelle tilsynsrapportar 5.4 Psykososialt kriseteam Teamet består av: • Psykiatrisk sjukepleiar/fagkoordinator psykisk helse og rus • Prest • Einingsleiar PPT • Aktivitetskontakt psykisk helse og rus • Kommuneoverlege • Politistasjonssjef 6

Page 8

6 Oversikt over beredskapsplanar i kommunen Utdrag frå Forskrift om kommunal beredskapsplikt § 4 Beredskapsplan: ‘’…Kommunens overordnede beredskapsplan skal samordne og integrere øvrige beredskapsplaner i kommunen. Den skal også være samordnet med andre relevante offentlige og private krise- og beredskapsplaner.’’ Under følger ei oversikt over beredskapsplanar og -dokument i kommunen. Beredskapsdokument Saksbehandlar Styringsdokument Beredskapskoordinator Plan for risiko og sårbarheitsanalyse Beredskapskoordinator Overordna beredskapsplan Beredskapskoordinator Varslingsliste Beredskapskoordinator Plan for helse- og sosialmessig beredskap Kommuneoverlegen Smittevernplan Kommuneoverlegen Plan for sikkerheit og beredskap i vassforsyninga Einingsleiar teknisk drift Beredskapsplan mot akutt forureining Brannsjefen Beredskapsplan for skogbrannvernet Brannsjefen Beredskapsplan for oppvekst Kommunalsjef oppvekst Retningsliner for psykososialt kriseteam Psykiatrisk sjukepleiar Samarbeidsavtale med Surnadal Røde Kors Beredskapskoordinator Samarbeidsavtale om beredskap mellom Surnadal Beredskapskoordinator kommune og sanitetsforeiningane i Todalen og Surnadal Beredskapsavtale med Thon Hotel Surnadal Beredskapskoordinator Gjensidig bistandsavtale mellom brann- og redningsvesen i Brannsjefen Heim, Rindal og Surnadal Oversikt over andre offentlege eller private kriseplanar Beredskapsdokument Saksbehandlar Styringsdokument Statens vegvesen Samarbeid om beredskap mot akutt forureining på Nordmøre IAU (NIUA) Nordmøre, vedtekter og operativ delplan 7

Page 9

7 RAYVN – krisestøtteverktøy Felles situasjonsforståing er avgjerande for rask og effektiv krisehantering. Under den langvarige og skiftande koronapandemien erfarte sivilsamfunnet behovet for tettare samvirke mellom lokale, regionale og nasjonale myndigheiter og etatar. Informasjonsbehovet var stort og det var viktig å gi jamleg og god informasjon om endringar, tiltak og smittesituasjonen i takt med informasjonsgrunnlaget vi hadde. Både naturgitte og mennskeskapte truslar er meir krevjande å førebygge og handtere enn nokon gong. I 2023 inngjekk DSB rammeavtale med RAYVN, som felles digitalt beredskaps- og krisestøtteverktøy for stat og kommunar. RAYVN skal bidra til å koordinere og organisere informasjon under uønska hendingar der direktorat, statsforvaltarar, sivilforsvarsdistrikt, kommunar og andre er involverte i handteringa. Kriseleiinga og beredskapsaktørar kan motta og svare på mobiliseringsvarsel via RAYVN frå eigen organisasjon, nabokommunar eller Statsforvaltaren, og delta i handtering av ei krise uavhengig av fysisk lokasjon. DSB og Statsforvaltaren organiserer nasjonale og regionale funksjonsøvingar i RAYVN, men det er avgjerande at vi også øver lokalt i kommunen. RAYVN-ansvarleg i kriseleiinga sørgar for tilgang og grunnleggande opplæring for medlemmar i kriseleiing og befalsvakt, opprettar logg for krisehandtering, utfører kommunikasjonsoppgåver og situasjonsrapportering. Loggførte hendingar i RAYVN blir arkiverte og lagt i kommunens sak- og arkivsystem. 8 Plan for krisekommunikasjon Krisekommunikasjon er ein vesentleg del av all krisehandtering og Plan for krisekommunikasjon er ein del av kommunens overordna beredskapsplan jf. Forskrift om kommunal beredskapsplikt § 4. Kommunen pliktar jamfør § 4 i kommuneloven å drive aktiv informasjon om si verksemd. Kommunen pliktar jamfør sivilbeskyttelsesloven § 15 å ha ein plan for informasjon til befolkninga og media. Surnadal kommune har operativ plan for krisekommunikasjon som vedlegg til overordna beredskapsplan. 8

Page 10

Krisekommunikasjonen vår legg til grunn måla og prinsippa i Statens kommunikasjonspolitikk og DSB sin Veileder i krisekommunikasjon. Mål for Surnadal kommune sin krisekommunikasjon er: • Vi opptrer samla, tydeleg og faktabasert. • Vi bidrar til at innbyggarar, tenestemottakarar, føresette og pårørande får relevant informasjon. • Vi bidrar til å trygge befolkninga, oppretthalde tillit og skape samhald i lokalsamfunnet ved kriser. • Vi bidrar til at tilsette, tillitsvalde og folkevalde er informerte om situasjonen, tiltak og handteringa av krisa. • Vi vidareformidlar tiltak og bodskap frå nødetatane, nasjonale og regionale myndigheiter i aktuelle kriser. 8.1 Ansvarsfordeling krisekommunikasjon Ved omfattande eller langvarige kriser kan kriseleiinga mobilisere eit støtteteam for å bistå i arbeidet jf. operativ plan for krisekommunikasjon. Rolle Ansvarsområde Ordførar • Overordna ansvar for ekstern kommunikasjon og kommunens (Hugo Pedersen) ansikt utad. • Formidlar omsorg for innbyggarar og tilsette og bidrar til å redusere uro • Tiltak i handteringa av krisa Kommunedirektør • Øvste administrative ansvar for organisasjonen (Lars Inge Kvande) • Opdaterer einingsleiarar med informasjon og instruksar • Løpande kontakt med tilsette i beredskapsgrupper/redning Kriseleiinga • Samordnar all informasjon og tar strategiske beslutningar om intern og ekstern kommunikasjon. Kommunikasjons – • Deltek i kriseleiinga og leiar krisekommunikasjonen ansvarleg • Utformar bodskap, oppdaterer eksterne informasjonskanalar og (Anne Lise With koordinerer informasjon med støtteteam, media og Vullum) samvirkeaktørar • RAYVN-ansvarleg. • Kontaktperson for Møre og Romsdal Politidistrikt ved behov for kommunal liaison i politiets kommunikasjonsstab 9

Page 11

Talspersonar • Utnemnd representant frå kriseleiinga eller beredskapsaktør som uttalar seg til media. • Talspersonar skal vere godt informerte og erfarne. • Så langt det er mogleg, følgjer bruken av talspersonar ansvarsprinsippet. Politiet • Uttalar seg om årsak til ulykke • Antal skadde og evt. døde • Frigir namn • Etterforsking • Eventuelle straffbare forhold 9 Plan for befolkningsvarsling I forskrift om kommunal beredskapsplikt § 4 framgår det i eige punkt at kommunen skal ha plan for befolkningsvarsling som del av overordna beredskapsplan. Operativ plan for befolkningsvarsling i Surnadal kommune inngår i Plan for krisekommunikasjon som vedlegg til overordna beredskapsplan. Vi har rutiner for varsling av befolkninga som dekker desse formåla: • Å informere om ei krise og gi råd til innbyggarane via etablerte interne og eksterne kanalar • Å åtvare eller gi instruksar om f. eks evakuering ved akutt fare for liv og helse • Å kommunisere med innbyggarane ved langvarig bortfall av strøm og EKOM SMS-VARSLING Surnadal kommune brukar varslingssystemet Gemini Varsling. Med dette systemet kan vi raskt varsle dei det gjeld ved behov, ut frå gateadresser. Gemini Varsling varslar via SMS, e- post og talemelding til fasttelefon. Gemini Varling er primært brukt i forbindelse med arbeid på vassnettet, men kan og brukast til beredskapsvarsling. NØDVARSEL PÅ MOBIL Nødvarsel på mobil er ei teneste frå norske myndigheiter. Det betyr at dersom det oppstår ein alvorleg situasjon med akutt fare for liv og helse der folk befinn seg er, så kan dei få eit nødvarsel til sin mobiltelefon. Det er politiet og Sivilforsvaret som avgjer kva for område som skal varslast og som sender ut sjølve varselet. VED BORTFALL AV STRØM OG EKOM Surnadal kommune har eigen beredskapsplakat som viser alternative oppmøteplassar i sentrum og grendene med informasjon om korleis kommunisere med kommunen ved langvarig bortfall av strøm og EKOM. 10

Page 12

• Surnadal kommunehus er oppmøteplass for informasjon og kontakt med kommunen og for vidare distribusjon av informasjonsskriv og plakatar til oppmøteplassar i grendene. • Surnadal sjukeheim er oppmøteplass ved behov for akutt helsehjelp og vidare kontakt med nødetatar. Ved straumbortfall vil både kommunen sine ordinære telefonsystem (fasttelefon) og mobiltelefonar etter kvart falle ut. Skadeavgrensande tiltak vil vere å bruke alternativt samband som inkluderer: • bruk av kommunen sine tre satelittelefonar (kommunehuset, sjukeheimen, teknisk vakt) • innfasing av nødnett i kommunen sine beredskapsfunksjonar • bruk av private jakttelefonar, der kanal Jakt 1 er lyttepost for kommunal vakttelefon 10 Plan for oppretting og drift av evakuerte- og pårørandesenter (EPS) I forskrift om kommunal beredskapsplikt § 4 framgår det at kommunen skal ha evakueringsplanar og plan for oppretting og drift av EPS som ein del av overordna beredskapsplan. Surnadal kommune har plan med tiltakskort for oppretting og drift av EPS som vedlegg til overordna beredskapsplan. Ansvarsforholda er forskjellige i fred og krig. Det er politiet/Lokal redningssentral (LRS) som iverksett og leier evakuering av personer frå eit skadeområde eller eit utsett område i kommunen til eit anna område i eller utanfor kommunen (Politilovens § 27). I ein krigssituasjon kan også Statsforvaltaren iverksette evakuering. Evakueringsplanen omfattar også evakuering ved krig eller når krig truar. Politiet og kommunen er hovedaktørar i ein evakueringssituasjon. I en evakueringssituasjon har kommunen eit hovudansvar for etablering og drift av eit evakueringssenter og eventuell innkvartering og forpleining. Kommunens beredskapsleiing leier arbeidet frå kommunens side og vil kunne be om hjelp frå evakueringstenesta, frivillige, Sivilforsvaret med fleire. Hovedoppgåver for kommunen er å: • Bistå politiet med evakuering og saman med politi/LRS skaffe til veie nødvendig transportkapasitet frå skadestad/omgivelsar til mottakssentralar og evt. vidare til innkvarteringsstad. • Varsle mottaksstad og etablere mottaksapparat. • Registrere eventuelle skadar og prioritere den medisinske innsatsen (triage). 11

Page 13

• Registrere dei som blir evakuert og eventuelt kven som blir evakuert kor, kven som flytter på eiga hand m.v. • Gi psykososial omsorg og samtaletjenester. • Sørge for forpleining og forlegning. • Legge til rette for gjenforening med pårørande. • Tilby tolketjenester Det er inngått avtale med Thon Hotel Surnadal som hovudstad for å etablere EPS i kommunen. Surnadal kulturhus er eit alternativt lokale. Kommunen må også være forberedt på å opprette EPS i eit ikkje planlagt lokale ut frå direktiv frå redningsleiinga. 11 Prioriterte bygningar for straumleveranse Dersom straumtilførselen blir redusert og det må innførast rasjonering eller sonevis utkopling, skal S-nett AS (Svorka) prioritere desse bygningane: 1 Liv og helse • Pleie- og omsorg: o Surnadal sjukeheim (har eige aggregat) o Omsorgsboligane, Bårdshaugen • Bu- og aktivitet: o Sommerrotunet aktivitetshus, Røssmovegen 26 o Fire boligar, Røssmovegen 4, 6, 28 og 34 o To boligar, Bårdshaugvn. 6 og 14 o Tre boligar, Leitet 30, 32 og 36 2 Vitale samfunnsinteresser innafor administrasjon og forvaltning, informasjon, tryggleik, infrastruktur, forsyningar m.m. • Kommunehuset • Surnadal kulturhus Skulane: • Surnadal barne- og ungdomsskule, Øye, 6650 Surnadal • Barnehagane: • Øye og Solbakken barnehage, 6650 Surnadal • Bårdshaugen barnehage, Skei, 6650 Surnadal 12

Page 14

• Nordmøre folkehøgskule, Skei, 6650 Surnadal • VAINT – Vaksenopplæring og integrering på Øye 3 Næringsliv / økonomiske interesser • Domus Senteret Surnadal v/ Extra, Skei, 6650 Surnadal • Fokusbygget, Skei, 6650 Surnadal • Esso Oljeservice Surnadal, Skei, 6650 Surnadal • Hydro Texaco Surnadal, Skei, 6650 Surnadal • Apotekbygget, Amfi, 6650 Surnadal • Thon Hotel Surnadal, Skei, 6650 Surnadal • Sparebank 1 Nordmøre, Skei, 6650 Surnadal 4 Verksemder som kan koplast ut sonevis eller periodisk Bygningar som S-nett AS av praktiske årsakar ikkje kan prioritere ved sonevis utkopling: Skular og barnehagar • Surnadal vidaregåande skule, Øye, 6650 Surnadal • Surnadal idrettshall, Øye, 6650 Surnadal (dersom tilflytting) • Mo oppvekstsenter, 6653 Øvre Surnadal • Todalen og Stangvik oppvekstsenter, Melhus, 6640 Kvanne • Bæverfjord og Bøfjorden oppvekstsenter, 6660 Bæverfjord • Midtigrenda barnehage, Midtigrenda, 6650 Surnadal • Røv Mølle A/S, Røv, 6653 Øvre Surnadal Vassverk: • Holtamoen, 6650 Surnadal • Sæterbø-Holten, 6660 Bæverfjord • Bøfjorden vassverk, Bøfjorden, 6643 Bøfjorden 13

Page 15

12 Distribusjon av beredskapsplanverket Følgande instansar skal ha oversendt planen: • Kriseleiinga • Statsforvaltaren i Møre og Romsdal • Politistasjonen i Surnadal 13 Vedlegg • Plan for krisekommunikasjon • Plan for oppretting og drift av EPS 13.1 Varslingslister Det er utarbeidd varslingslister som gjeld for beredskapsplanen og Plan for sosial- og helsemessig beredskap. Varslingslistene er samla i eit eige dokument, Varslingslister og ressursoversikt, som blir revidert jamnleg. Listene inneheld lister over: • Kriseleiinga • Informasjon og stab (støtteteam) • Varslingsliste for psykososialt kriseteam • Varslingsliste for helse- og sosialtenesta • Varslingsliste for ikkje-kommunalt nøkkelpersonell i og utanfor kommunen • Varslingsliste for frivillige organisasjonar i kommunen • Personar som snakkar framande språk • Varsling av innbyggarane 13.2 Ressursoversikt I forskrift om kommunal beredskapsplikt står det at kommunen sin beredskapsplan skal innehalde ei ressursoversikt med opplysningar om kva for ressursar kommunen sjølv rår over og kva for viktige ressursar som er tilgjengeleg hos andre aktørar ved uønska hendingar. Surnadal kommune har mykje tilgjengeleg utstyr sjølve til bruk i ein krisesituasjon. Gjennom samarbeidsavtalen med Røde Kors er også mykje utstyr gjort tilgjengeleg. Sivilforsvaret har og mannskap og ressursar som kan vere aktuelle å ta i bruk. 14

Page 16

Private entreprenørar sit og med mykje utstyr som det kan vere aktuelt å rekvirere ved større naturhendingar. Det same gjeld utsyr som drivarar innafor landbruksnæringa har til disposisjon. Mange av dei har og eigne strømaggregat. Dette er aktørar som vi kjenner til, og som vi kan kontakte om det skulle bli behov. Oversikt over kontaktpersonar er gitt i dokumentet Varslingslister og ressursoversikt. 15