Plantekst
Page 1
Kommunedirektør
2024/4727-5
11.08.2025
Overordna Totalberedskapsplan for Kvinnherad kommune
2025 - 2027
Overordna Totalberedskapsplan for Kvinnherad kommune
2025 -2028
Kommunestyret 18.09.2025
Rosendalsvegen 10 | 5470 Rosendal | Tlf: 534 83 100 | Fax: 534 83 130 | Org. nr: 964 967 636
Bankgiro: 3460.07.00083 | post@kvinnherad.kommune.no | www.kvinnherad.kommune.no
Page 2
1
Forord
Utviklinga innan samfunnstryggleik og beredskap går fort og det er difor viktig at Kvinnherad
kommune har fokus på kontinuerleg, heilskapleg og systematisk arbeid med samfunnstryggleik og
beredskap i tråd med lover, reglar og andre sentrale føringar. I ein stadig meir utfordrande
internasjonal tryggleikspolitisk situasjon, må ein ta høgde for hendingar som tidlegare var
utenkelege. Totalberedskapsmeldinga frå regjeringa vart presentert som ein marsjordre til
kommunane, andre private aktørar og frivilligheita. Difor er det viktig at kommunane er i stand til
å agera på signal slik som Totalberedskapsmeldinga må seiast å vera. Endringa frå tidlegare er at
kommunane no også skal planleggje for krig og terrortruslar.
Vurderingar som er gjort byggjer på kommunen si overordna Risiko og Sårbarheits (ROS)
vurdering. Men i praksis vil ein aldri kunna dekka alle mogelege situasjonar og heller ikkje gje ein
fasit på korleis ulike beredskapshendingar skal handterast.
Det å sikra at ein har ein felles situasjonsforståing av ei beredskapshending og ha ei analytisk
tilnærming til kva som har skjedd, vil vera ein metodikk som er viktig for kva tiltak som skal setjast
inn. Dette blir øvd på, og evaluert.
Denne planen skal på ein overordna måte skildra korleis kommunen sitt beredskapsarbeid blir
organisert både i fredstid og i krig. Planen tek utgangspunkt i den overordna ROS analysen og den
vil omtala områda der ein har høgast risiko. Dei andre risikoområda blir berre omtala kort.
Det føreligg også beredskapsplanar for kvart tenesteområde vidare nedover i organisasjonen.
Desse planane skal henge saman med den overordna.
Page 3
2
Innhald
Forord ................................................................................................................................................................1
1.0 Innleiing .................................................................................................................................................3
1.1 Føremål med planen ................................................................................................................................4
1.2 Sju strategiske prioriteringar ...................................................................................................................5
1.4 Lovgrunnlag og føringar ...........................................................................................................................5
1.5 Ansvar og mynde i fredstid ......................................................................................................................6
1.6 Ansvar og mynde i krig ............................................................................................................................6
2.0 Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) .........................................................................................6
2.1 Overordna risikobilete .............................................................................................................................7
2.2 Kritisk infrastruktur og identifisering av sårbarheit .................................................................................8
2.3 Øvingar ....................................................................................................................................................9
3.0 Beredskapsorganisering .......................................................................................................................10
3.1 Eigenberedskap .....................................................................................................................................10
3.2 Kommunal Beredskapsleiing (KBL) ........................................................................................................11
3.3 Fullmakt frå kommunestyret til kommunal beredskapsleiing (KBL) ......................................................12
3.4 Kommunedirektør sitt beredskapsråd - eit samarbeid med andre beredskapsaktørar ........................12
4.0 Tiltak og handtering av hendingar .......................................................................................................13
4.1 Tiltak ved etablering av KBL ...................................................................................................................13
4.2 Tiltak i driftsfasen – KBL .........................................................................................................................13
4.3 Beredskapsleiinga sine lokale ................................................................................................................14
4.4 Sekretariatet sine oppgåver ...................................................................................................................14
4.5 Tiltak ved etablering av sekretariatet ....................................................................................................14
4.6 Tiltak i driftsfasen ..................................................................................................................................14
4.7 Sekretariatet sine lokale ........................................................................................................................15
4.8 Hjelpemidlar for beredskapsleiinga og sekretariatet ............................................................................15
4.9 Etablering av kriselogg ...........................................................................................................................15
4.10 Etablering av psykososialt kriseteam ...................................................................................................15
4.11 Etablering av evakuerte og pårørandesenter ......................................................................................16
4.12 Evakueringsplanar og plan for varsling til innbyggjarane ....................................................................16
4.13 Evakuering og mottakssenter ..............................................................................................................16
4.14 Informasjonsstrategi og mediehandtering ..........................................................................................16
4.15 Ressursar og logistikk ...........................................................................................................................17
5.0 Definisjonar og forkortingar ................................................................................................................17
Page 4
3
1.0 Innleiing
Totalberedskapsmeldinga (Meld. St. 9 (2024–2025) er regjeringa sin omfattande plan for å
styrkje Noreg si evne til å handtere kriser og krig. Statsminister Jonas Gahr Støre omtala
meldinga som både ein «vekker» og ein «marsjordre» til heile samfunnet:
«Meldingen er en vekker og marsjordre til oss alle: At alle må bidra, for alle kan bidra. Og på
den måten styrker vi samfunnets motstandskraft.»
Kommunen sin overordna totalberedskapsplan skal skildra korleis ein skal handtera uventa
eller ekstreme situasjonar som heilt eller delvis ikkje let seg førebu. I tillegg skal kommunane
planleggje for krig.
Dette omfattar både sivile og militære aktørar, offentlege og private organisasjonar, tillegg til
enkeltpersonar si deltaking i førebygging, krisehandtering og gjenoppbygging. Totalberedskap
legg vekt på samhandling, koordinering og effektiv utnytting av ressursar på tvers av sektorar
og nivå i samfunnet. Målet er å verna om liv, helse, miljø og samfunnskritisk infrastruktur.
Kvinnherad kommune vil gjennom denne overordna planen skildra korleis organisasjonen skal
ha mynde og kunnskap til å kunna ta raske og viktige avgjerder for å gjenoppretta ein
normalsituasjon og ivareta innbyggjarane sin tryggleik.
Det som skil seg frå førre plan er at det er forventa at:
• Eigenberedskapen er betre
• Samarbeid med næringsliv og andre aktuelle samfunnsaktørar blir samordna
• Samfunnet generelt blir meir årvakne og at ein betre kan stå i mot truslar
At totalberedskapsmeldinga har sett fokus på samfunnskritisk infrastruktur, betyr konkret at
regjeringa legg vekt på å sikre dei funksjonane og systema som er heilt nødvendige for at
samfunnet skal fungere – også i kriser og krig.
Dette omfattar til dømes:
• Straumforsyning
• Elektronisk kommunikasjon
• Vassforsyning og avløp
• Transport og logistikksystem
• Helse- og omsorgstjenester
• Matforsyning og Eigenberedskap
Fokuset handlar om å sikre at desse strukturane og tenestene er robuste, har god beredskap
og kan haldast i drift sjølv under store påkjenningar. Her kan nemnast både naturkatastrofar,
digitale angrep og/eller militære truslar.
I tillegg til punkta over er det eit stort fokus på digitalisering og teknologiske løysingar for å kunna
tilby tenester til innbyggjarane og effektivisera og forbetra interne prosessar når t.d. kommunalt
tilsette kan bli kalla inn til militærteneste. Cybersikkerheit står sentralt fordi digitale angrep kan
føra til svært mange problemstillingar. Kommunane m. fl. blir råda til å investera i digital
infrastuktur og styrking av kompetanse innan cybersikkerheit for å handtera dei aukande
cybertruslane.
Page 5
4
Figuren under viser korleis beredskapsarbeidet er organisert i landet.
1.1 Føremål med planen
Kvinnherad kommune sin overordna totalberedskapsplan skal sikra koordinert, strukturert og
rask handling – uansett når, kvar og korleis ei uønskt hending inntreff i kommunen slik at:
• Innbyggjarar og tilreisande sin tryggleik, liv og helse vert ivareteke
• Samfunnskritisk infrastruktur, tenesteyting og materielle verdiar vert sikra
• Informasjonsbehovet til kommunen sine innbyggjarar og tilreisande vert ivareteke
• Avgrensa skadeverknader
• Raskt reetablera normalsituasjon dersom det er mogeleg
Page 6
5
Totalberedskapsmeldinga seier at Norge skal bli eit samfunn med ei styrka motstandskraft
med tre hovudmål:
1. Eit sivilt samfunn som er førebudd på krise og krig
2. Eit sivilt samfunn som kan stå imot samansette truslar
3. Eit sivilt samfunn som støttar opp om militær innsats
1.2 Sju strategiske prioriteringar
Regjeringa har lista opp sju prioriteringar som viser at arbeidet skal føregå på ulike
forvaltningsnivå og seksjonar. Desse sju områda skal vera eit samarbeid mellom kommune,
private, stat og militære.
Kommunen skal:
1. Sikra busetnad, god grunnberedskap og levande lokalsamfunn i heile landet.
2. Utnytta dei samla ressursane betre i førebygging og krisehandtering, inkludert det å
involvera næringsliv og frivillige i beredskapsarbeid lokalt, regionalt og nasjonalt.
3. Styrkje den digitale motstandskrafta og nasjonale kontroll over viktige/ kritisk infrastruktur
og strategisk viktige verksemder, naturressursar, eigedommar og verdiar.
4. Styrkje motstandskrafta i befolkninga og bevare høg grad av tillit i samfunnet.
5. Styrkje forsyningstryggleiken, inkludert mattryggleik.
6. Sikra tettare samarbeid mellom sivile og forsvarssektoren.
7. Styrkje den sivile evna til å støtta opp under alliert militær innsats i ramma av NATO og
gjennom styrka nordisk og europeisk beredskapssamarbeid.
Desse sju prioriteringane skal kommunen ha som bakteppe i forvaltning av kommunale ressursar.
Fleire av desse punkta skal skje gjennom haldningsarbeid, men også gjennom praktiske tiltak til dei
oppgåvene som ligg til kommunen.
1.4 Lovgrunnlag og føringar
Gjennom sivilbeskyttelseslova og tilhøyrande forskrift vert kommunen pålagt ei generell
beredskapsplikt som skal bidra til at kommunen skal stilla betre rusta til å førebyggje og
handtera uventa hendingar.
Lov om kommunal beredskapsplikt, og forskrift om kommunal beredskapsplikt seier noko om
kommunen sine oppgåver.
Totalberedskapsmeldinga er eit bestillingsdokument frå stortinget, som no er vedteke.
Regjeringa jobbar no med konkrete tiltak. Det er forventa at vi som kommune skal planleggje
for krig. Statsministeren kallar det ein «marsjordre». I den situasjonen som rår i verda no vil
det vera klokt å ta omsyn til meldinga i arbeidet med den overordna planen.
Den nasjonale sikkerhetsstrategien er regjeringa si overordna retning for å styrkje Noreg sin
tryggleik i møte med ei meir uforutsigbar og farleg verd. Strategien legg vekt på å styrkje
totalberedskapen gjennom eit tettare samarbeid mellom sivile og militære aktørar, og ved å
involvere heile samfunnet i tryggleiksarbeidet.
Page 7
6
1.5 Ansvar og mynde i fredstid
Kommunen har utarbeida langsiktige mål, strategiar og prioriteringar gjennom samfunnsplanen.
Tilhøve som er og skal integrerast i planar og prosessar etter plan og bygningslova er/blir vurdert.
Dette sikrar det systematiske arbeidet og at dei rette prioriteringane blir gjort.
I ein akutt krisesituasjon skal kommunikasjonen i organisasjonen alltid gå ordinær tenesteveg.
Hendingar som blir varsla utanfrå organisasjonen, blir varsla direkte til kommunedirektør t.d. frå
politi, Statsforvaltar eller helseføretak.
Dersom ei uventa hending inntreff i vår kommune har kommunen eit ansvar. Først vil
naudetatane tre inn, deretter (avhengig av omfanget) vil kommunedirektøren setje kommunal
beredskapsleiing (KBL) der kommunedirektøren vil få ansvaret for å samordna ressursar, ta
raske og viktige avgjerder for å gjenoppretta ein normalsituasjon og ivareta innbyggjarane sin
tryggleik i så stor grad ein kan.
For å nytta dei samla redningsressursane vil det ved ei større ulukke bli etablert ein lokal
redningssentral (LRS) i det aktuelle politidistrikt, under leiing av politimeisteren/ operasjonsleiar.
1.6 Ansvar og mynde i krig
Dersom det handlar om ei sikkeheitspolitisk krise eller krig, vil Regjering og Storting ha eit
overordna ansvar for å ta avgjersle. Kommunen sitt ansvar blir då å koordinera- og samordna
konkrete tiltak. I praksis vil forsvaret vera dei som skal ha mynde til å setje i verk tiltak. Dei vil leia
arbeidet. Det vil truleg vera eit anna omfang og ein heilt anna situasjon.
Når militæret blir operativt vil kommunen mista noko arbeidskraft til forsvaret. Det er særskild
enkelte yrke som blir ekstra sårbare i kommunen. Her skal det enkelte tenesteområdet ha
beredskapsplanar for sine områder. Nokre tenesteområde (t.d. skule, barnehage, pleie og omsorg,
vatn og avlaup, brannvernet m. fl) har eigne område som er kritiske. Kommunen vil då truleg
kunne søkje dispensasjon for ulike yrkesgrupper som kan bli kalla inn til militærteneste. Denne
lista over yrke med kritiske samfunnsfunksjonar og nøkkelpersonell finn ein her.
2.0 Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse)
Kommunen har gjennomført og evaluert ein heilskapleg Risiko Og Sårbarheit (ROS)analyse med
utgangspunkt i fylket sin overordna ROS analyse. Uventa hendingar som kan skje er kartlagt og
systematisk vurdert i høve sannsyn og konsekvensar. Tema krig er ikkje spesifikt vurdert, men
dette kan gå inn under dei risikoområda som allereie ligg føre og som er ROS-analysert.
Page 8
7
2.1 Overordna risikobilete
Kommunen sitt arbeid med overordna ROS analyse syner høge risikoverdiar på områda:
Epidemiar, helseberedskap og naturhendingar:
Når det gjeld epidemiar og helseberedskap er kommunane innan 01.01.2026 pålagt å ha eit lager
medisinsk forbruksmateriell som skal vara i 3 månadar. Dette er eit resultat etter evaluering av
Covid – 19 epidemien. Ordningar rundt medisinlager vert drøfta på nasjonalt nivå: Kva lageret skal
innehalde og korleis lageret skal fungera i praksis. Kvinnherad kommune avventar svar frå sentralt
hald før lokale tiltak vert sett inn.
Når det gjeld naturhendingar kan dette skje nesten kor tid som helst. Mykje regn, vind, snø kan vi
ikkje gjera noko med, men vi kan syte for at t.d. overflatevatnet renn uforstyrra der det skal og at
kommunen i samarbeid med andre kan setje inn førebyggjande tiltak. Kommunen har t.d.
registrert at Statens vegvesenet fleire gonger har stengt vegen mellom Nordre- og Austrepollen
preventivt.
Havnivået er på veg opp, høg vasstand, og mykje ekstremvær påverkar i høg grad
naturhendingane. Tiltak som er sett inn rettar seg mot t.d. byggesak. Forvaltningsutvalet kan setja
grenser for kor folk kan setje opp hus (t.d. ved ras- og flaumfare). Kvinnherad kommune har ikkje
hatt så mange utfordringar med ras som til dømes i nabokommunen Ullensvang. Det vil vera
kostbart å ras-sikra til dømes mot Matre og Åkra, mot Mauranger og Gjetingsdalen eller oppover i
Uskedalen m. fl. I nokre tilfelle må kommunen nok tole ein høgare risiko enn ynskt. Rasfare vil ein
kunna finna att i NVE sine faresonekart, og i nyare tid er det ikkje lov å byggje hus i slike område.
Hus som er bygd i tidlegare i desse områda, som no er definert som rasområde, har fått
informasjon frå kommunen om dette.
Område som er risikovurdert:
• Akutt forureining
• Epidemiar, smitte, helseberedskap t.d. medisinmangel
• Dyresjukdom, fisk og landbruk
• Naturhendingar
• Store ulukker og masseskadar
• Svikt i kritisk infrastuktur, IKT, straum, veg og vatn
• Viljestyrte hendingar
I dei fleste tilfelle i fredstid vil ulukker og katastrofar som nemnt ovanfor vera av eit slikt omfang
at: Redningstenesta, som vert leia av politiet i samhandling med Brannvernet, Helsevesenet og
eventuelt Industrivernet, Forsvaret, Sivilforsvaret, Heimevernet med fleire, vil ha ressursar til å
takla situasjonen.
Dersom ei omfattande ulukke- eller ein katastrofesituasjon inntreff, og dei ordinære innsatsorgana
sine ressursar ikkje strekk til, kan kommunedirektøren si kriseberedskaps leiing (KBL) bli engasjert i
rednings- og oppryddingsaksjonar. I slike situasjonar vil det bli stilt store krav til innsats, også
utover det å stilla ressursar til disposisjon. Ressursane kan vera brannvernmateriell og personell,
teknisk og medisinsk materiell og utstyr, helse- og omsorgsressursar, oljevern og hamnemateriell,
bygningar, lokalitetar, køyretøy osv.
Kommunen har hatt øvingar saman med Statsforvaltaren, men ikkje ROS-vurdert atomulykker og
radioaktive hendingar. Slike hendingar kan vera meir aktuelle no med tanke på den spente
situasjonen i Ukraina, stormaktsrivalisering og krigen i Midtausten.
Page 9
8
Dersom ei slik hending skulle oppstå vil sentrale aktørar som Statsforvaltar, Direktoratet for
strålevern og atomsikkerheit (DSA) og kriseutvalet for atomberedskap (KU) overta, og kommunen
vil då få ei rolle med å yta hjelp med tiltaka som blir iverksett av desse andre. Dette er tema i
kommunen sin atomberedskapsplan. Kommunen har t.d. plassert ut jod-tablettar og prosedyre for
korleis barnehagen, skulen eller helsesenteret skal handtera dette.
2.2 Kritisk infrastruktur og identifisering av sårbarheit
Tap av datakommunikasjon eller bortfall av elektronisk kommunikasjon (EKOM) vil få store
konsekvensar for kommunen. Vi er etter kvart blir svært avhengig av nett-tilgang og
konsekvensane kan bli svært store. Det gjeld dersom vi t.d. ikkje kan handla mat med
betalingskort, eller ikkje kan logga inn på ulike digitale informasjonssider som vi har behov for. Det
er mange følgje-feil som kan koma av eit slikt tap. Alle medisinar blir t.d. tildelt elektronisk.
Innkalling til helsehjelp skjer via nettet. Alle turnusplanar ligg i dag elektronisk. Dialogen mellom
skule og heim skjer via e-kommunikasjon. Dette er berre nokre få døme på kva som kan bli råka.
Kvart tenesteområde skal ha sine beredskapsplanar for dette. Eit gamaldags papirsystem er god
beredskap og eigenberedskapsråda er blant anna tiltaka som vi blir bedt om å fylja for å redusera
nokon av konsekvensane.
Svikt i straumforsyning vil ha store konsekvensar for innbyggjarane. BKK er opptatt av god
redundans, som i praksis betyr at dersom eit område blir utan straum, kan ein nytta andre linjer
for å få straum til området. Vi er avhengig av straum t.d. for å kunne køyre til jobb og nesten alle
nye bilar går på el-kraft som vi er avhengig av å lada opp. For å kunna kjøpe varer i
daglegvarehandelen er vi avhengig av straum for å få betalt. Varene i kjøle- /frysediskane må ha
straum og dei bilane som går på drivstoff, må ha straum for å pumpa opp drivstoff. Oppvarming i
heimane våre skjer stort sett med elektrisitet, ikkje alle nye hus har alternativ oppvarmingskjelde.
Tenesteområda i kommunen har eigne lokale beredskapsplanar i kvalitetssystemet til kommunen.
Etter ei tid med straumbortfall vil ein også få følgje-feil med t.d. å mista mobilt internett, fordi det
er berre to timars reservestraum (bakcup) på knutepunkta (nodane) som avhengig av straum.
Både Telenor og Telia arbeidar med å forlenga denne tida til 4-6 timar. Breibandet er litt betre
rusta med minimum 16 timars reservestraum og dei har aggregat for kritiske knutepunkt.
I Kvinnherad er det mange oppdemma vatn som blir brukt til straumproduksjon. Når det gjeld
dambrot er det først og fremst Statkraft og Sunnhordaland kraftlag (SKL) som har ansvar for
beredskapen. Kommunen vil få melding dersom det kan vera fare for dambrot. Det er utarbeida
flaumsonekart for desse områda der vatn er oppdemma. Dersom ein får nok tid på seg kan
kommunen sende SMS til aktuelle bustadar.
Kvinnherad kommune er ein langstrakt kommune. Vegen er viktigaste måte å koma seg fram på.
Konsekvensane av ein stengt veg kan få store konsekvensar for folk som skal på jobb, for å ta i mot
tenester frå kommunen, for å få borna på skulen eller i barnehagen, eller for å få folk fram til
helsehjelp og behandlingsstad. Dersom ein veg blir stengt, har fylkeskommunen sine planar for
fylkesvegane og kommunen har ansvar for kommunale vegar. Til dømes blir jamnleg stengt veg
mellom Auste- og Nordre pollen. I desse kjente situasjonane har kommunen ein plan for å t.d. nå
innbyggjarar som har heimetenester i Nordrepollen/ Gjetingsdalen. Heimetenestene har tiltak
klare for å setje inn dersom t.d. ein veg blir stengt.
Page 10
9
Til no har rasfare vore den risikoen som er høgast for stengt veg, eller det kan oppstå brann i
tunell. I slike tilfelle vil det å kunna nytta fullmakta til å bruka inntil 5 millionar kroner utan vedtak,
vera til god hjelp for effektivt å reetablera normalsituasjon. Det er viktig at vegeigar har ansvar for
«sine» vegar slik at kommunen ikkje overtek ansvar som ligg til andre.
Reint vatn i springen er viktig for god helse. Dersom vassforsyninga sviktar vil ein vera meir
sårbare overfor sjukdom. Her har kommunen ei stor utfordring dersom ein får utfall av e-
kommunikasjon og straum over lang tid. Det er gode beredskapsplanar for vassforsyninga (og
avlaup) for å handtera korte/ akutte lokale problem. Derimot dersom all straum er borte over
heile kommunen vil dei største vassverka greia seg så lenge ein får tilgang til diesel. Men dette er
låg risiko for det er lite sannsynleg at alt er ute samstundes.
Personalmangel kan bli ein realitet i alle tenesteområde i kommunen. Ekstra sårbart kan dette bli i
ein krigssituasjon dersom mange arbeidstakarar vert tatt ut i militærteneste eller dersom foreldre
blir nøydt til å vere heime med små barn, eller er forhindra til å koma på jobb av andre uønska
hendingar. Pleie og omsorg mfl. har eigne beredskapsplanar som er knytt til personalmangel som
vil bli iverksett ved slik hendingar. Det kan bli aktuelt å søkje fritak frå militærteneste for enkelte
yrke i viktige samfunnskritiske funksjonar. Ei slik vegleiande liste finn ein her.
Matforsyning og eigenberedskap er viktig for å vera eit robust samfunn. Ein kan ikkje rekna med
at samfunnet skal fungera normalt i ein krisesituasjon eller krigssituasjon. Her legg regjeringa opp
til at kvar må syte for seg sjølv i 7 dagar med straum, vatn, kloakk, mat, medisin, varmt tøy,
internett, mobilnett eller betalingsløysingar m.m.
Fleire av desse punkta er ROS vurdert i tenesteområda. Sjukeheimane førebur beredskap for
matforsyning til sjukeheimane i 7 dagar- og lager for medisinsk utstyr er under planlegging og skal
vera klart frå 01.01.2026.
2.3 Øvingar
Kvinnherad kommune ved kommunedirektøren si beredskapsleiing (KBL) har jamleg to øvingar
kvart år. Det ligg føre ein plan (2022-2025) for kva ein skal øva på, men dersom ein vel å
bytte/endre tema er dette gjort.
Under finn ein ei oversikt over kva KBL har øvd på siste åra.
Tidspunkt Øvingstema Kven deltok
Vår 2022 IT: Nokon i organisasjonen har trykt på ei usikker Leiargruppa (KBL) og interne IT
lenke. fare for hacking (utnytte sårbarheiter i eit tilsette
datasystem eller nettverk for å få uautorisert
tilgang til informasjon eller systemfunksjonalitet)
Skrivebordsøving
Haust 2022 Terror? Angrep mot ein Trafostasjon ved Hydro KBL, Politiet, Hydro Husnes,
Husnes - Speløving Brannvernet og lokalavisene
Kvinnheringen og Grenda
Vår 2023 Brann i eldreinstitusjon - Fokus på evakuering KBL, brannvernet
Haust 2023 Batteribrann v/ Husnestunet (rullestolar) Bruk av KBL, brannvernet
naudnettet og telefonane - Skrivebordsøving
Page 11
10
Tidspunkt Øvingstema Kven deltok
Vår 2024 Alvorleg trussel - missilangrep mot militære Statsforvaltaren hadde regien.
anlegg i Norge (Håkonsvern vert vurdert som KBL, sivilforsvaret og politiet
særskild aktuelt mål) Kommunane må førebu ei
omfattande evakuering av folk som bur i
nærområdet til Håkonsvern. Digital øving
Haust 2024 Naturhending etter mykje regn og vind som er KBL med ordførar og
aukande. Høg vasstand og mykje nysnø i fjellet. varaordførar.
(ras og stengte vegar)
Vår 2025 Øving med RAYVN kommunikasjons program: Her DSB hadde regien, KBL,
skulle vi ta utgangspunkt i ekstremvær. Vi valte Statsforvaltaren og 12
stengt veg ved Rv 500 ved Longota. kommunar i Vestland
Barnehageborn, skuleelevar og arbeidsfolk ikkje
kom seg heim. Dette var ein teknisk øving der
bruk av RAYVEN programmet skulle visa korleis
ein kunne samhandla med interne og eksterne
aktørar.
Vidare framover er planen å øva på skyting i skuleområde, ei fellesøving med VannVest og lokalt
VA, medikamentmangel t.d. insulin og truslar med våpen.
Alle øvingar blir evaluert og læringspunkt vert drøfta. Nokre gonger fører dette til endring i rutinar
og prosedyrar.
3.0 Beredskapsorganisering
3.1 Eigenberedskap
Eigenberedskapen skal sikra at vi som bur i landet skal rusta oss til ei større krise eller hending i
desse tider. Dette er grunnsteinen i landet si evne til ein robust beredskap. Ein må syte for seg
sjølv ei veke fordi kommunar og naudetatar må prioritera dei som ikkje klarar seg utan hjelp.
Dersom Norge blir part i ein væpna konflikt på norsk jord vil kommunane ha eit særskilt ansvar for:
1. Å varsla innbyggjarane i rett tid
2. Å finna trygge evakuerings- og opphaldsstadar
3. I ein slik situasjon er eigenberedskapen viktig fordi dei grunnleggjande behova må dekkast
gjennom at folk syter for seg sjølve i ei veke
Sjekkliste for eigenberedskap
Eigenberedskap handlar om å vera førebudd på at t.d. straumen kan bli borte og at
konsekvensar som at vatnet i springen ikkje kan drikkast eller ikkje kjem, at kloakksystemet,
medisinsk utstyr, lading av elbil, betalingsløysingar, internett, mobiltelefon, radio, kjøleskap
og matlaging ikkje fungera som normalt. Ved å vera førebudd i ei veke blir ein betre i stand til
å handtera alt frå små forstyrringar i kvardagen til større kriser. I tillegg har ein betre tid til å
planleggje vegen vidare om krisa skulle bli langvarig.
Innbyggjarane sin eigenberedskap og evne til å verna seg sjølve vil vera kjernen i det sivile
beskyttelses konseptet
Page 12
11
(sjå figur under)
3.2 Kommunal Beredskapsleiing (KBL)
Kommunedirektør har som ved tilsvarande normal drift det overordna ansvaret for kommunen sitt
personell, eigedomar og anlegg. Kommunedirektøren skal i krise- eller katastrofesituasjonar
ettersjå at rette avgjerder vert fatta, slik at disponible ressursar vert nytta målretta og rasjonelt til
det beste for samfunnet. Kommunedirektøren har ansvaret for å ivareta situasjonsrapportering til
Statsforvaltaren.
Det er leiargruppa til kommunedirektør som vanlegvis vert nytta til drøftingar av ulike
problemstillingar, og det er same gruppa som blir aktivert/sett saman ved ein
krise/beredskapssituasjon. I tillegg til leiargruppa til kommunedirektør deltek ordførar,
kommuneoverlege, brannsjef og av og til politistasjonssjef (i dei tilfella det er behov) i KBL.
Avhengig av situasjonen, kan andre fag/nøkkelpersonar verta innkalla til å delta i
beredskapsleiinga. Frivillige organisasjonar kan også verta innkalla etter behov. Dette vert vurdert
og avgjort i kvar enkelt hending.
Kommunen skal delta i arbeidet med skadeavgrensande tiltak for å sikra menneske, miljø og
økonomiske verdiar. Det kan også vera situasjonar kor kommunen sjølv er ansvarleg for å
handtera hendinga. Døme kan vera ved smitteutbrot e.l.
Eksempel på oppgåver som kommunen kan få ansvaret for å handtera i ein krisesituasjon er:
• Ta hand om skadde personar
• Omsorg for personar som har vært utsett for store påkjenningar
• Bistand ved evakuering av personar frå eit utsett område
• Innkvartering av skadde eller redningsmannskap
• Informera om situasjonen i kommunen og gjera førebyggjande tiltak
• Forpleiing eller anna forsyningsstøtte
• Sikra trygge næringsmidlar og drikkevatn
• Gjennomføra regulerings-/rasjoneringstiltak
• Retta opp skadar på kommunikasjonar og andre anlegg
• Opprydding, oppreinsking, avfallslagring og anna innsats for miljøet
Page 13
12
• Vern om kulturelle verdisaker, og gjensidig informasjon om beredskapsarbeidet kan delast
mellom dei ulike aktørane
• Ha oversikt over attverande personell som eventuelt ikkje er i militæret
Dersom dette handlar om ei sikkeheitspolitisk krise eller krig, vil Regjering og Storting ha eit
overordna ansvar for å ta avgjersle. Kommunen sitt hovudansvar vert då å koordinera- og
samordna konkrete tiltak.
3.3 Fullmakt frå kommunestyret til kommunal beredskapsleiing (KBL)
Retten til å avgjera om KBL skal etablerast ligg i fredstid til kommunedirektør. Vurderinga skal
byggja på art og omfang av ulykka/katastrofen. I tilfelle der kommunedirektør ikkje er tilgjengeleg,
kan avgjerd om å etablera KBL gjerast av medlemer i KBL.
Ordførar og kommunedirektør skal då varslast så snart som mogleg.
Kommunestyret har delegert avgjerslemynde til kommunedirektør i beredskapssituasjonar, krise
eller katastrofesituasjonar som treng rask reaksjon. Kommunedirektøren har fullmakt til å nytta
ikkje-budsjetterte kostnader på inntil kr 5.000.000,-/ 5 millionar kroner, jamfør gjeldande politisk
reglement. Ordførar rapporterer til kommunestyret ved fyrste ordinære møte, eller dersom
behovet skulle tilseia det – i ekstraordinært kommunestyremøte.
Kommunestyret sitt overordna ansvar for informasjon til innbyggjarane skjer hensiktsmessig og så
raskt som mogleg. Denne oppgåva vert lagt til ordføraren.
Kommunedirektør har som ved tilsvarande normal drift det overordna ansvar for kommunen sitt
personell, eigedommar og anlegg. Hen skal i krise- eller katastrofesituasjonar ettersjå at rette
avgjerder vert fatta, slik at disponible ressursar vert nytta målretta og rasjonelt til det beste for
samfunnet. Kommunedirektør har ansvaret for å ivareta situasjonsrapportering til
Statsforvaltaren.
3.4 Kommunedirektør sitt beredskapsråd - eit samarbeid med andre
beredskapsaktørar
Kommunen etablerte eit beredskapsråd i 2020. Rådet er sett saman av lokale aktørar innafor
desse områda: Ordførar, politistasjonssjef, heimevern, kyrkjekontor, Røde Kors, brannvern,
kommuneoverlege og ambulanse. I 2024 vart rådet utvida med medlemer frå
straumnettselskapet BKK, Kvinnherad breiband og Eining vatn og avløp.
Rådet har 2 faste møte pr. år. Rådet har ein rådgjevande funksjon til kommunedirektør i aktuelle
situasjonar. Rådet vart ytterlegare utvida i 2025 med Statkraft, Sunnhordland kraftlag og Hydro
Husnes.
Føremålet til eit beredskapsråd er å styrka kommunen si evne til å førebu seg, og handtera kriser
og uønska hendingar. Rådet skal bidra til koordinering mellom sentrale aktørar som politi,
helsevesen, frivillige, næringsliv m.fl. Rådet skal sikra at lokal kunnskap og ressursar vil bli brukt i
aktuelle hendingar og bidra til ein heilskapleg modell der kommunane får ei sterkare rolle i
nasjonal beredskap med klare roller og ansvar.
Page 14
13
4.0 Tiltak og handtering av hendingar
4.1 Tiltak ved etablering av KBL
I 2024 tok Kvinnherad saman med alle andre kommunar, i bruk eit norskutvikla datasystem for
krisehandtering og beredskapssystem, systemet heiter RAYVN. Det er eit program med ei
skybasert plattform som skal hjelpa organisasjonen med å handtera kriser på ein effektiv digital
måte. Systemet gjer det mogeleg å mobilisera raskt, koordinera ressursar og kommunisera både
internt og med andre t.d. Statsforvaltar. Systemet er nytta i øvingar og vil bli kommunen sin
digitale plattform under ei større krise eller beredskapssituasjon.
Fleire av punkta under kan mobiliserast ved hjelp av dette systemet, men kan og gjerast
manuelt:
• Innhenta opplysningar og få ei best mogleg oversikt over situasjonen (kan loggførast i
RAYVN)
• Setja i verk strakstiltak for å hindra ytterlegare skader på personar, miljø og materielle
verdiar i samarbeid med profesjonelle redningsmannskap (kan meldast via RAYVN)
• Etablera ei felles forståing i beredskapsleiinga for kva og kor omfattande problema er
• Avgjera omfang av støttetenestene, ta stilling til i kva grad og kva for funksjonar som skal
etablerast: Presse- og infosenter, Publikumsteneste og Evakuerte- og pårørandesenter
(aktivering kan skje via RAYVN)
• Når liv og helse er trua er det alltid politiet som ”eig” skadestaden, avklara med
skadestadleiar om det er behov for kommunen sitt utstyr/ materiell
• Avklara om anna fagleg kompetanse skal innkallast/ informerast
• Utarbeida informasjonsstrategi og setja i verk nødvendige informasjonstiltak internt i
organisasjonen, for innbyggjarane, media og andre
• Koordinera med informasjonsansvarlege og skadestadleiinga, kva tema bør unngåast eller
ikkje kommenterast (kan skje via RAYVN)
Systemet RAYVN er «kjøpt inn» via DSB (Direktoratet for samfunnsikkerheit og beredskap) og
kommunane skal nytta dette systemet i minst 15 år framover.
4.2 Tiltak i driftsfasen – KBL
• Kontinuerleg vurdera hendingar, konsekvensar, nødvendige handlingar og tidsramme
• Vurdera behovet for å rekvirera nødvendig utstyr/materiell
• Vurdera om kommunen må setja i verk ytterlegare tiltak for å hindra/ avgrensa skadar på
personar, miljø og materielle verdiar
• Ivareta kontakt med innsatsleiinga i politiet, eventuelt lokal redningssentral og politiet sin
operasjonssentral. Ved krig skal kommunen ha kontakt og samordne innsatsen med
militæret. KBL har eigen naudkommunikasjonsradio.
• Halda kontakt og ha oversikt med kommunen sine utplasserte personell og materiell
• Hugs skifte av personell ved langvarig innsats
• Syte for mat/drikke/anna
• Avgjera/avklara om det er aktuelt med personalressursar frå frivillige organisasjonar
• Vurdera framtidige behov ut frå val som blir tekne
Page 15
14
4.3 Beredskapsleiinga sine lokale
KBL etablerer base i formannskapssalen i Kvinnherad rådhus, Rosendal. Her er naudstraum
installert. Kvinnherad politistasjon på Husnes er eit alternativ dersom behov for anna stad/lokale
oppstår. Alternativ base vert vurdert av leiar i KBL.
Dersom ein skal møta ein annan stad ver merksam på at det ligg ein koffert/veske i skapet i
formannskapssalen som skal brukast til å frakta: Satellitt telefon, naudnettstelefonen, anna
naudsynt utstyr som blir vurdert. I tillegg skal naudstraumaggregat vera tilgjengeleg/klargjort, slik
at elektronisk kommunikasjonsutstyr kan fungera ved straumbrot.
4.4 Sekretariatet sine oppgåver
Beredskapsleiinga sitt sekretariat skal ha ein utpeikt leiar som kan gå ut av si faste stilling i
kommunen ved etablering. I tillegg må sekretariatet vera sett saman av personar med kompetanse
innan administrative funksjonar: Journalføring, telefoni, elektronisk kommunikasjon,
databehandling, elektroniske kart, svarteneste, informasjonshandtering osv.
4.5 Tiltak ved etablering av sekretariatet
• Innkalla nøkkelpersonell i kriseorganisasjonen når vedtak om innkalling er gjort
• Etablera kriselogg der all viktig informasjon i samband med hendinga skal journalførast og
dokumenterast
• Starta loggføring i kriseloggen så tidleg som mogleg. Hugs alle stader som tek imot
telefonar/besøk/e- postar/meldingar på ulike kanalar, og som set i verk tiltak knytt til
krisehandteringa
• Vera sekretariat for KBL heile døgnet og skaffe best mogleg oversikt over situasjonen
• Føra kart og oversikt som gjer at situasjonen lett og raskt kan lesast
• Følgja med på informasjon om hendinga som vert referert i media og føra dette på Teams/
eller til dømes ein flippover
• Sjå til at kommunen sitt sentralbord og informasjonsavdeling er open og har god nok
kapasitet
• Etablera kontakt med Statsforvaltaren og gje rapport om situasjonen i samråd med
Beredskapsleiinga fortrinnsvis via RAYVEN
• Etablera kontakt med andre instansar og nabokommunar (fortrinnsvis via RAYVEN),
informera om situasjonen, spørja om ressursar dersom det er aktuelt – skjer i samråd med
beredskapsleiinga
• Etablera kontakt med frivillige lag og foreiningar som vil kunna bli involvert i krisa på eit
seinare stadium - i samråd med beredskapsleiinga
4.6 Tiltak i driftsfasen
• Føra logg fortrinnsvis i RAYVEN og henta inn informasjon frå dei ulike aktørane i
beredskapsarbeidet
• Vurdera behovet for å rekvirera nødvendig utstyr/ materiell – i samråd med
beredskapsleiinga
• Sørgja for mat og forsyningar til kommunen sitt eige personell og materiell – i samråd med
beredskapsleiinga
Page 16
15
• Utarbeida og formidla statusrapport til Statsforvaltaren - i samråd med beredskapsleiinga.
Her kan ein nytta RAYVEN sitt digitale samhandlingsverktøy.
4.7 Sekretariatet sine lokale
Fast oppmøteplass for sekretariatet er informasjonsavdelinga i 1. etasje i Kvinnherad rådhus,
Rosendal. Dersom ein må nytta naudstraum er kontoret nærast formannskapssalen utstyrt med
slik.
4.8 Hjelpemidlar for beredskapsleiinga og sekretariatet
Leiaren for sekretariat skal sørgja for at nødvendige hjelpemidlar er tilgjengelege for
beredskapsleiinga og sekretariatet.
Naudsynt utstyr:
• Datanett og internett
• Eigen nettverkskomponent (switch) i formannskapssalen
• Eigen fiber frå datarommet i kjellaren
• Satellitt telefon som kommunikasjon med omverda dersom infrastruktur er ustabil eller
øydelagd
• Naudnetttelefon
• Naudstraum frå aggregat dersom offentleg straumforsyning sviktar
• Tavle/Flip-Over
• Projektor m/lerret eller tavle
• Stasjonær pc/Laptop (alle må kunna koplast til projektor)
• Lommelykt til å festa på vegg
Ansvar for at alt utstyr er på plass: IT sjef eller den vedkomande delegerer ansvaret til.
4.9 Etablering av kriselogg
Føring av ein kriselogg bør etablerast raskt slik at kommunen ikkje går glipp av dei fyrste
informasjonsrørslene under ei krise/katastrofe. Dette kan skje i RAYVN som er eit felles
samhandlingsprogram for heile Norge.
Alle registreringar skal førast systematisk og vil hjelpa beredskapsleiinga til å skaffa seg det
korrekte informasjonsbildet, halda oversikt over situasjonen og gjera dei rette prioriteringane. Det
er betre med ei registrering for mykje, enn ei for lite.
4.10 Etablering av psykososialt kriseteam
Eit psykososialt kriseteam er ei tverrfagleg samansett gruppe som har ansvar for tidleg innsats ved
psykososial støtte. Teamet har i tillegg ei oppgåve i å medverka til at ramma enkeltpersonar,
familiar og lokalsamfunn får naudsynt oppfølging og støtte frå det ordinære tenesteapparatet i
rask etterkant av ei hending. Det er kommuneoverlegen som er leiar for teamet.
Page 17
16
Denne gruppa består av 7 medlemmer. Teamet sine medlemer har andre oppgåver i den
kommunale tenesteutøvinga til dagleg. Teamet blir aktivert ved hendingar som krev psykososial
støtte. Det er naudetatane, kommunedirektør eller kommuneoverlege som kan aktivera teamet.
4.11 Etablering av evakuerte og pårørandesenter
Utpeika leiar for denne funksjonen blir kontakta av KBL dersom det er behov for å danna eit senter
for evakuerte og pårørande. Liste over desse kontaktpersonane er å finna i kvalitetssystemet,
Compilo.
4.12 Evakueringsplanar og plan for varsling til innbyggjarane
Kommunen har ansvar for å oppretta og drifta senter for evakuerte og pårørande, når det er
nødvendig eller når politiet ber om det. Det er Kvinnherad Arena og Rosendal Samfunnshus som er
peika ut som slike senter. Handtering av evakuerte og pårørande som har vore involvert i ei uønskt
hending eller krise, er skildra i Politiets beredskapssystem kapittel 11.
Kommunen sine innbyggjarar kan varslast via befolkningsvarsling SMS, e-post og/eller talemelding.
For å nytta denne tenesta, ta kontakt med kommunalteknisk vakt: Mobil 903 61 111
Varsling til befolkninga er avhengig av situasjonen. Ei hending som har eit avgrensa område kan
varslast med SMS og/ eller dør til dør kommunikasjon. Er det ei hending som påverkar alle bør ein
heller varsla via radio/ TV. E-kommunikasjon kan vera eit godt alternativ (heimeside, snap,
instagram, facebook m.m), dette bør vurderast i kvart enkelt tilfelle.
Ein plan for krisekommunikasjon til innbyggjarane/ tilreisande er under arbeid. Det er viktig at
kommunen finn gode talemeldingspersonar, identifiserer personar med tydeleg stemme og er
flinke til å framføra tydeleg bodskap. Desse personane står på ei liste som ikkje er offentleg. Lista
er interaktiv der personane blir bytta ut når dei er ute i permisjon, sluttar i jobben eller av andre
årsaker er ute.
Det er ordførar som i hovudsak uttalar seg til innbyggjarane og media.
Statsforvaltaren si beredskapsavdeling skal varslast ved alle større hendingar. Denne oppgåva er
lagt til kommunen sin beredskapskoordinator.
4.13 Evakuering og mottakssenter
Det er Kvinnherad Arena og Rosendal Samfunnshus som er peika ut som evakueringssenter i
kommunen.
4.14 Informasjonsstrategi og mediehandtering
Det er i hovudsak ordførar som uttalar seg til media om hendinga. Det som blir informert om er
berre det som kommunen sjølv har ansvar for. Politiet uttalar seg om sjølve hendinga og
skadeomfanget.
Page 18
17
4.15 Ressursar og logistikk
Kvinnherad kommune har lister over private tilgjengelege ressursar som gjeld anleggsarbeid,
overnatting, skyssbåtar, straum, breiband, matvarebutikkar som køyrer ut mat, snøskuterar,
diesel-varmeanlegg og diverse anna utstyr. Denne lista er ikkje offentleg og er å finna i kommunen
sitt kvalitetssystem, Compilo. Alle i KBL har tilgang til denne informasjonen.
5.0 Definisjonar og forkortingar
BKK – nettleverandør for straum
Compilo - er kommunen sitt nettbaserte kvalitetssystem
Cybersikkerheit - er praksisen bak å beskytta kritiske system, data og nettverk mot digitale angrep.
DSA - Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit
DSB - Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap
Eigenberedskap - er dei førebuingane og tiltaka du som enkeltperson eller husstand gjer for å
kunne klare deg sjølv i ei krise eller ei naudssituasjon – utan hjelp frå styresmaktene – i ein viss
periode.
IT- Informasjonsteknologi/ namnet på kommunen si dataavdeling
KBL - Kommunal Beredskaps Leiing. Det er kommunedirektøren si beredskapsleiing.
KKL – Kommunal krise leiing (tidlegare namn på kommunedirektøren si beredskapsleiing)
KU - kriseutvalet for atomberedskap
LRS -lokal redningssentral (i det aktuelle politidistrikt, under leiing av politimeisteren/
operasjonsleiar)
NATO- (North Atlantic Treaty Organiszation) er ein militærallianse som blei oppretta i 1949 for å
sikre fred, tryggleik og samarbeid mellom medlemslanda, særleg i møte med truslar frå aust under
den kalde krigen. Hovudprinsippet i NATO er at eit angrep på eitt medlemsland blir sett på som eit
angrep på alle (jf. artikkel 5 i NATO-traktaten).
Node - Ein node i eit nettverk er eit punkt eller ei eining som kan ta i mot, senda, lagra eller
behandla data. Det kan vera alt frå ein server, switch eller router og fungera som eit knutepunkt i
kommunikasjonen innanfor nettverket.
NVE- Norges vassdrags- og energidirektorat
Preventivt- førebyggjande
RAYVEN er den brukarvenlege digitale løysinga for beredskap og handtering av kritiske hendingar i
sanntid. Innebygde samarbeidsfunksjonar gjer at beredskapsnettverket kan samarbeide saumlaust
når kvart sekund tel.
ROS – Risiko og sårbarheitsanalyse
Satellittelefon - Er ein type telefon som kommuniserer direkte med satellittar i verdsrommet i
staden for å bruka tradisjonelle mobilmaster og «jordbaserte» nettverk.
Skybaserte tenester - er digitale tenester som blir levert over internett frå såkalla "skyer" – altså
store datasenter som lagrar og behandlar data på vegner av brukaren.
Page 19
18
Totalberedskap skal forståast som samfunnet si evne til, på ein planmessig, førebudd og
koordinert måte å mobilisera dei samla ressursane for å stå best mogeleg rusta ovanfor eit
samansett risiko- og trusselbilete (Store Norske Leksikon)
VA - vatn og avlaup
Vann Vest AS: - Selskapet er eigd av kommunar og kommunal VA. Selskapet sitt føremål er å vere
ein samarbeids-organisasjon for eigarane. Skal fremja samarbeid og ompetanseutvikling, utføring
og tilrettelegging for erfaringsutveksling, opplæring og informasjonsverksemd.