Norske kommunale beredskapsplaner

Kartlegging av overordnede beredskapsplaner og dekning av sårbare grupper

Hareid

Lastet ned
Kode: 1517 · Fylke: Møre og Romsdal · Nettside: https://www.hareid.kommune.no/ · PDF: Last ned

Sårbare grupper (2 av 17 grupper nevnt)

Psykisk helse (1 treff)

Krise- og omsorgsgruppa koordinerer psykososial førstehjelp ved evakuering og uønskede hendelser.konkret tiltak
I tillegg vil aktuelle ressurspersonar bli kopla på alt etter hendinga som må handterast. Det kan vere interne ressursar eller eksterne som til dømes politi, brann, IKT og så bortetter. Varamedlemmane Varamedlemmane tek over roller, ansvar og oppgåver når dei i krisesituasjonar møter for dei dei er varaar for. Ein av sårbarheitene som er avdekka i den heilskaplege risiko- og sårbarheitsanaly- sen, er at mange oppgåver/roller ligg berre til éin person, og at desse ikkje blir følgt opp når desse p...

Sårbare grupper (generelt) (2 treff)

Lovverk og forskrift nevner ivaretakelse av sårbare grupper som kritisk funksjon i beredskapsplanlegging.generell omtale
2 Lovverk Forskrift om kommunal beredskapsplikt legg føringar for overordna beredskapsplan. Mellom anna i paragraf 4: “Kommunen skal være forberedt på å håndtere uønskede hendelser, og skal med ut- gangspunkt i den helhetlige risiko- og sårbarhetsanalysen utarbeide en overordnet be- redskapsplan. Kommunens overordnede beredskapsplan skal samordne og integrere øvrige beredskapsplaner i kommunen. Den skal også være samordnet med andre re- levante offentlige og private krise- og beredskapsplaner.” ...
Handlingsplan for forsyningssvikt omtaler tiltak som barrierer for å beskytte sårbare grupper ved strømbrudd og andre forsyningssvikter.generell omtale
I ni av scenarioa er det behov for å varsle befolkninga med ein gong. I seks er det be- hov for evakuering. Hareid kommune har per våren 2025 ikkje ein fungerande plan for evakuering- og befolkningsvarsling. Dette er eit lovkrav og må oppfyllast snarast råd. Delen som gjeld befolkningsvarsling er relativt enkel, og må vere klar før sommarfe- rien 2025. Tidsplan gjennomføring: Plan for evakuering- og pårørandesenteret må arbeidast med parallelt. Det må vere eit mål at roller og ansvar er fordelt ...

Plantekst

Page 1

OVERORDNA BEREDSKAPSPLAN Hareid kommune 2025

Page 2

Innhald 1 Innleiing ................................................................................................................................ 4 2 Lovverk ................................................................................................................................ 5 3 Risikoar og sårbarheiter i Hareid kommune .......................................................................... 5 3.1 Kritiske samfunnsfunksjonar .......................................................................................... 5 4 Verdiar, prinsipp og metode ................................................................................................. 6 4.1 Verdiar i beredskapen .................................................................................................... 6 4.2 Prinsipp for kommunal beredskap .................................................................................. 6 Ansvar .............................................................................................................................. 6 Likskap ............................................................................................................................. 6 Nærheit ............................................................................................................................ 6 Samverke ......................................................................................................................... 6 4.3 Proaktiv stabsmetodikk .................................................................................................. 6 Tidleg varsling og mobilisering ......................................................................................... 6 Informasjon ...................................................................................................................... 7 4.4 Organisasjonskart Hareid kommune .............................................................................. 7 4.5 Den enkelte tilsette ........................................................................................................ 8 4.6 Leiarar ........................................................................................................................... 8 4.7 Kriseleiinga .................................................................................................................... 8 Roller og ansvar ............................................................................................................... 8 Rollene i kriseleiinga ........................................................................................................ 8 Varamedlemmane ............................................................................................................ 9 4.8 Beredskapssekretariatet ................................................................................................ 9 4.9 Evakuering- og pårørande-team .................................................................................... 9 4.10 Krise- og omsorgsgruppa ............................................................................................. 9 4.11 Samarbeid ................................................................................................................. 10 Beredskapsråd ............................................................................................................... 10 Faggruppe beredskap søre Sunnmøre ........................................................................... 10 Andre samarbeid ............................................................................................................ 10 6 Varsling av ei krise ............................................................................................................. 10 7 Varsling- og krisestøttesystemet Ravyn .............................................................................. 10 7.1 Årleg generell logg ....................................................................................................... 11 8 Økonomi og delegeringar ................................................................................................... 11 9 Systematisk og heilskapleg beredskapsarbeid ................................................................... 11 9.1 Langsiktige mål ............................................................................................................ 11 Overordna beredskapsplan for Hareid kommune 2025 Side 2

Page 3

9.2 Strategiar og tiltak ........................................................................................................ 11 Strategiar ....................................................................................................................... 11 Større tiltak ..................................................................................................................... 12 10 Krise- og beredskapsplanar i Hareid kommune ................................................................ 14 10.1 Oppbygging av planar ................................................................................................ 14 10.2 Oversikt over beredskapsplanverket i Hareid kommune ............................................ 15 11 System for kompetanse og øving ..................................................................................... 17 11.1 Kompetansekrav ........................................................................................................ 17 11.2 Øvingar og evalueringar ............................................................................................. 17 12 Årshjul for beredskap i Hareid kommune .......................................................................... 18 13 Revisjonar ........................................................................................................................ 19 Overordna beredskapsplan for Hareid kommune 2025 Side 3

Page 4

1 Innleiing Hareid kommune har eit grunnleggjande ansvar for å ta vare på befolkninga si trygg- leik og sikkerheit innanfor vårt geografiske område. Hareid kommune sin overordna beredskapsplan skal bidra til å styrke kommunen si evne til å handtere større uønskte hendingar. Planen er ein administrativ plan, som saman med dei operative delplanane skal imøtekome krava til overordna beredskapsplan i lov og forskrift om kommunal be- redskapsplikt. Administrativ del av beredskapsplanen skildrar korleis beredskapen i Hareid kommune er organisert, samordna og dokumentert. Den set også måla for beredskapen, strate- giar og tiltak. Dette dannar grunnlaget for kommunen sitt arbeid med samfunnstrygg- leik og beredskap. Dei operativ delane av beredskapsplanen fungerer som krisehandteringsverktøy når kriser inntreff. Overordna beredskapsplan for Hareid kommune er utarbeidd i samsvar med sivilbe- skyttelseslova og forskrift om kommunal beredskapsplikt, i tillegg til kommunen si heil- skaplege risiko- og sårbarheitsanalyse frå 2025. Overordna beredskapsplan skal vere førande for alle beredskapsplanar som vert utar- beidde for Hareid kommune, på alle nivå. Planen er verksemdsovergripande og gjeld alle sektorar og tenesteområde i kommunen. Hovudrevideringar av overordna beredskapsplan skal godkjennast av kommunestyret årleg. Delplanar og mindre oppdateringar blir meldt som referatsaker til kommunestyret. Vedteke i kommunestyret 26. Mai 2025. Denne planen er sist revidert 13. juni 2025. Sjå fullstendig revideringshistorikk til slutt i dokumentet. Overordna beredskapsplan for Hareid kommune 2025 Side 4

Page 5

2 Lovverk Forskrift om kommunal beredskapsplikt legg føringar for overordna beredskapsplan. Mellom anna i paragraf 4: “Kommunen skal være forberedt på å håndtere uønskede hendelser, og skal med ut- gangspunkt i den helhetlige risiko- og sårbarhetsanalysen utarbeide en overordnet be- redskapsplan. Kommunens overordnede beredskapsplan skal samordne og integrere øvrige beredskapsplaner i kommunen. Den skal også være samordnet med andre re- levante offentlige og private krise- og beredskapsplaner.” paragraf 6, andre ledd: “Kommunens beredskapsplan skal til enhver tid være oppdatert, og som et minimum revideres en gang pr. år. Av planen skal det fremgå hvem som har ansvaret for opp- datering av planen og når planen sist er oppdatert.” 3 Risikoar og sårbarheiter i Hareid kommune Hareid kommune har gjennomført ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse. Denne analysen har avdekka følgande sårbarheiter. Tre av dei er spesielle for Hareid, om enn ikkje unike:  Vi bur på ei øy og kan blir isolerte eller miste forsyningar.  Vi er ein kommune med svak økonomi med og få menneskelege ressursar.  Vi er utsett for naturfarar. I tillegg:  Samfunnet avhengige av digitale verktøy og -kommunikasjon.  Samfunnet er ikkje rusta til å motstå målretta handlingar mot infrastrukturen vår. 3.1 Kritiske samfunnsfunksjonar I den heilskaplege risiko og sårbarheitsanalysen har vi også sett på kritiske samfunns- funksjonar og korleis desse blir råka i kriser. Dei funksjonane som blir råka oftast er oppfølging av særleg sårbare grupper og naudsynte helse- og omsorgstenes- ter. Sjå heilskapleg ros for utdjuping. Overordna beredskapsplan for Hareid kommune 2025 Side 5

Page 6

4 Verdiar, prinsipp og metode 4.1 Verdiar i beredskapen Sivilbeskyttelseslova sin føremålsparagraf legg føringar for kva verdiar som skal be- skyttast ved uønskte hendingar, og den innbyrdes prioriteringa mellom dei:  liv og helse  miljø  materielle verdiar og kritisk infrastruktur.  I tillegg, men nedst på prioriteringslista, ligg tillit og omdøme. 4.2 Prinsipp for kommunal beredskap Hareid kommune sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap er basert på prin- sippa om likskap, nærleik, ansvar og samvirke. Ansvar Den delen av organisasjonen som har ansvar for eit fagområde i ein normalsituasjon, har òg ansvaret for nødvendige beredskapsplanar og beredskapsførebuingar, og for å handtere ekstraordinære hendingar på området. Likskap Den organisasjonen ein opererer med under kriser, skal i utgangspunktet vere mest mogleg lik den organisasjonen ein har til dagleg. Nærheit Kriser skal organisatorisk handterast på lågast mogleg nivå. Samverke Myndigheiter, verksemder og etatar har eit sjølvstendig ansvar for å sikre eit best mogleg samvirke med relevante aktørar og verksemder i arbeidet med førebygging, beredskap og krisehandtering. 4.3 Proaktiv stabsmetodikk Hareid kommune skal vere proaktiv i krisehandteringa. Proaktiv beredskapsleiing handlar om å identifisere tiltak som kan styre utviklinga i ønska retning og iverksette tiltak før omstenda tvingar oss til å gjere det. Tidleg varsling og mobilisering Dersom tvil, bør vi alltid velje å varsle eller mobilisere. Kriseleiinga blir mobilisert på eit tidleg tidspunkt og kan heller dimitterast om hendinga eller konsekvensane blir mindre omfattande enn antatt. Overordna beredskapsplan for Hareid kommune 2025 Side 6

Page 7

Interne og eksterne aktørar skal også varslast tidleg, slik at dei er klare til rask mobili- sering om det blir behov. Vi skal sikre moderat overkapasitet på dei viktigaste ressursane på eit tidleg tids- punkt. Informasjon Hareid kommune skal ha som mål å vere først ute med informasjon til media og andre interessentar om beredskapssituasjonar som rammar Hareid kommune. Informasjonen skal vere så korrekt som mogleg – sjølv om den kan gi negativ publisi- tet. 4.4 Organisasjonskart Hareid kommune Overordna beredskapsplan for Hareid kommune 2025 Side 7

Page 8

4.5 Den enkelte tilsette Alle tilsette i Hareid kommune er ein del av beredskapen vår. Den viktigaste oppgåva til tilsette vil vere førebyggande. Det er alltid enklast å hindre at kriser oppstår, saman- likna med å handtere dei. Alle tilsette har ansvar for å varsle om situasjonar som kan føre til, eller er kriser. Alle tilsette kan i ein krisesituasjon bli beordra til andre arbeidsoppgåver for å hindre eller handtere krisa. 4.6 Leiarar Ansvaret for beredskap ligg til fagansvaret. Det betyr også at ansvaret for førebygging ligg til fagansvaret. I hovudsak vil dette vere einingsleiarar eller kommunalsjefar. 4.7 Kriseleiinga Roller og ansvar Kriseleiinga tek over leiinga av kommunen når det oppstår ein ekstraordinær situasjon som råkar kommunen som geografisk område eller organisasjon.  Hendingane vil vere komplekse.  Dei kan føre til alvorlege konsekvensar for viktige samfunnsverdiar.  Dei utfordrar kapasiteten til kommunen  Dei er eigna til å skape uro og frykt i befolkninga. Utanom krisene har kriseleiinga ansvar for revidering av dei overordna beredskapspla- nane og –dokumenta. Faste møte utanom hendingar ligg i årshjulet. Kvart enkelt medlem i kriseleiinga har ansvar for å ha oversikt og revidering over be- redskapsplanane og -dokumenta som ligg til sin sektor/fagansvar. Rollene i kriseleiinga Kriseleiinga består av følgande faste roller:  ordførar  varaordførar  kommunedirektør  kommunalsjef samfunnsutvikling (per 13.06 erstatta med leiar for kommunalteknikk og leiar for eigedom)  kommunalsjef velferd  kommunalsjef læring og kultur  kommunikasjonsansvarleg  beredskapskoordinator  leiar for beredskapssekretariatet  kommuneoverlege Overordna beredskapsplan for Hareid kommune 2025 Side 8

Page 9

I tillegg vil aktuelle ressurspersonar bli kopla på alt etter hendinga som må handterast. Det kan vere interne ressursar eller eksterne som til dømes politi, brann, IKT og så bortetter. Varamedlemmane Varamedlemmane tek over roller, ansvar og oppgåver når dei i krisesituasjonar møter for dei dei er varaar for. Ein av sårbarheitene som er avdekka i den heilskaplege risiko- og sårbarheitsanaly- sen, er at mange oppgåver/roller ligg berre til éin person, og at desse ikkje blir følgt opp når desse personane er vekke. I kriseleiinga er det ekstra viktig å ha redundans og god personelldekning, då krisene i seg sjølv vil krevje mykje frå enkeltpersonar, men også ha som konsekvens at mange personar kan bli sett ut av spel. Derfor skal varamedlemmane, utanom krisene, delta i alle aktivitetar og møter. Målet er å sikre kontinuitet og ei felles forståing for beredskapsarbeidet. 4.8 Beredskapssekretariatet Beredskapssekretariatet består av dei tilsette i servicetorget og politisk sekretariat. Be- redskapssekretariatet skal hjelpe kriseleiinga med praktisk hjelp under ei krise. Opp- gåver vil vere:  informasjon/kommunikasjon  sentralbord  innkjøp  loggføring  praktisk hjelp til kriseleiinga Roller og ansvar er handsama i eigen del-plan. 4.9 Evakuering- og pårørande-team Ved hendingar som krev evakuering eller har mange pårørande, vil evakuering- og på- rørandeteamet (EPT) bli aktivert. EPT vil ha ansvar for å setje opp og drifte eit evakuering- og pårørande senter (EPS) I all hovudsak skal EPT sine medlemmar ikkje vere medlemmar i kriseleiinga. Grun- nen er at kriseleiinga ikkje skal bli “tømt” om det blir naudsynt å aktivere EPT. Roller og ansvar vil bli handsama i eigen del-plan som er under utarbeiding. 4.10 Krise- og omsorgsgruppa Krise- og omsorgsgruppa er i utgangspunktet ikkje ein del kriseleiinga, men vil bli brukt av evakuerings- og pårørandeteamet til å koordinere psykososial førstehjelp. Gruppa har også oppgåver utanom kommunale kriser, der dei koordinerer psykososial støtte til personar som har opplevd uønskte dødsfall eller liknande. Krise- og omsorgsgruppa har eigen plan for sitt arbeid. Overordna beredskapsplan for Hareid kommune 2025 Side 9

Page 10

4.11 Samarbeid Beredskapsråd Hareid kommune har eit beredskapsråd som består av kriseleiinga, andre offentlege verksemder og beredskapsaktørar, frivillige organisasjonar og næringsliv. Beredskapsrådet har møte minst ein gong i året og elles når det er særskilde høve. Faste tema for møta er oppdatering og revidering av planverk, gjennomgang av hen- dingar, planlegging av øvingar med meir. Kommunen er ansvarleg for å kalle inn til møte og halde møterom. Deltakarane i beredskapsrådet går fram av varslingslista. Faggruppe beredskap søre Sunnmøre Hareid kommune samarbeider med dei andre kommunane på Søre Sunnmøre gjen- nom beredskapskontaktane. Faggruppa har møte fleire gonger i halvåret for å drøfte felles utfordringar. Det er også ein eigen teams-kanal til deling spørsmål og informa- sjon. Der det er rom for det, vil faggruppa søke å utarbeide felles planverk eller malar for kommunane. Andre samarbeid Hareid kommune har beredskapsavtalar med lokallaga til Røde Kors og Norske kvin- ners sanitetsforening. Desse to organisasjonane vil kunne hjelpe kommunen med praktisk hjelp, EPS-bistand med meir. 6 Varsling av ei krise Alle tilsette i Hareid kommune har ansvar for å varsle om kritiske hendingar eller ka- tastrofar. Personar i umiddelbar fare og naudetatar skal alltid varslast fyrst, deretter næraste leiar, som så rapporterer vidare. Dersom ein ikkje får tak i næraste leiar, skal ein ikkje vente, men kontakte neste nivå. Om naudsynt heilt til ordførar, kommunedirektør eller beredskapskoordinator. Ordførar, kommunedirektør og beredskapskoordinator kan kvar for seg varsle kriselei- inga, dersom det ikkje er tid til å samrå seg. Utfyllande informasjon om varslingsrutinar for kriseleiinga er ein del av plan for krise- leing. 7 Varsling- og krisestøttesystemet Ravyn Hareid kommune nyttar krisestøtteverktøyet Ravyn som kanal for varslar og loggføring av kriser. Overordna beredskapsplan for Hareid kommune 2025 Side 10

Page 11

Ved alle hendingar som er, eller har potensiale til å utvikle seg til, ei krise, skal det opprettast logg. Sjå plan for kriseleiinga for detaljar. 7.1 Årleg generell logg Gjennom året blir hendingar, møte og anna relevant informasjon loggført i den årlege generelle loggen som er oppretta i Ravyn. 8 Økonomi og delegeringar Kriseleiinga har etter delegeringsreglementet mynde til å bruke inntil to millionar kro- ner for å handtere ein akutt krise. Pengane skal nyttast til å avverje eller avgrense skade og tap av liv og helse. [sett inn dato for vedtak og referanse til kommunelov] 9 Systematisk og heilskapleg beredskapsarbeid 9.1 Langsiktige mål Hovudmålet for beredskapsarbeidet vårt er å ta vare på innbyggarane sin sikkerheit og tryggleik ved å redusere risiko for tap av liv eller skade på helse, miljø og materielle verdiar. For å nå hovudmålet, har vi desse delmåla:  Hareid kommune skal på alle relevante område har oppdaterte og tenlege beredskapspla- nar. Dei skal oppfylle lovkrava i sivilbeskyttelseslova med forskriftar, og dei skal bygge på dei kjende risikoane og sårbarheitene i kommunen og på fagfeltet.  Desse planane skal vere levande dokument, godt kjende i organisasjonen og grunnlaget for å jobbe langsiktig med haldningar og strukturar.  Hareid kommune skal involvere lokalsamfunnet i beredskapsarbeidet. 9.2 Strategiar og tiltak Alle tiltaka frå den heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysen skal leggjast inn i sty- ringssystemet Framsikt. Det same skal tiltak som blir avdekka under øvingar eller langs med. Kriseleiinga prioriterer kva tiltak som skal jobbast med til ein kvar tid. Tiltak som ikkje kan løysast med gjeldande budsjett skal meldast opp til kommunestyret. Per dags dato er følgande langsiktige strategiar og større tiltak prioriterte: Strategiar Samarbeid Overordna beredskapsplan for Hareid kommune 2025 Side 11

Page 12

Hareid kommune skal søkje samarbeid med relevante kommunar i alt beredskapsar- beid. Dette gjeld alle fagområde. Tilsette i Hareid kommune skal vere ein pådrivar for beredskapssamarbeid ovanfor kollegaar i andre kommunar. Samarbeidet kan vere kompetansehevande eller gi tilgang til ressursdeling. Hareid kommune skal samarbeide med lokalt næringsliv og frivilligheit for å sikre sam- handling og utnytting av felles ressursar og kapasitet. Beredskapsrådet er eit utgangspunkt for slikt samarbeid, men kommunen bør også ar- rangere årlege møtepunkt med frivilligheit og næringsliv. Eigenberedskap Hareid kommune skal vere ein pådrivar for auka eigenberedskap hos innbyggarane. Kommunen skal delta i eigenberedskapsveka kvart år, men også gjennom resten av året promotere god eigenberedskap. Førebygge naturrisiko Hareid skal kommune skal ta omsyn til naturrisiko i all arealplanlegging og bygge- handsaming. Inkludert i naturrisiko ligg mellom anna flaum, flodbølge, ras og terreng- brann. Kapasitet og kompetanse i beredskapsarbeidet Hareid kommune skal sikre kontinuitet i bereskapsarbeidet ved å sørgje for at viktige roller/ansvar i beredskapsarbeidet er fordelt på fleire personar. Det betyr at stedfortre- darar må vere inkludert og involvert i beredskapsplanlegging og anna beredskapsar- beid utanom kriser. Når personar med rolle i beredskapsarbeidet går over i anna rolle, eller sluttar i kom- munen, må plassen deira fyllast snarast råd. Alle som har ei rolle i kriseleiinga/beredskapsarbeidet må ha minimumskompetanse innan beredskapsarbeid. Dei må også ha god oversikt over beredskapsarbeidet knytt til sitt fagområde. Det skal utarbeidast ein kompetanseplan- og oversikt for rollene i beredskapsarbeidet. Beredskap skal vere eit fast punkt under folkevaldopplæringa i starten av ny periode. Større tiltak Oppdatert overordna beredskapsplan Den overordna beredskapsplanen er ikkje revidert sidan 2018. Øvst på prioriterings- lista er derfor å få på plass ein ny, oppdatert og godt forankra beredskapsplan. Tidsplan gjennomføring: Den administrative delen skal vedtakast før sommarferien 2025. Underdelane (plan for kriseleiing, krisekommunikasjon, beredskapssekretaria- tet) kjem snarast råd. Plan for evakuering- og befolkningsvarsling Overordna beredskapsplan for Hareid kommune 2025 Side 12

Page 13

I ni av scenarioa er det behov for å varsle befolkninga med ein gong. I seks er det be- hov for evakuering. Hareid kommune har per våren 2025 ikkje ein fungerande plan for evakuering- og befolkningsvarsling. Dette er eit lovkrav og må oppfyllast snarast råd. Delen som gjeld befolkningsvarsling er relativt enkel, og må vere klar før sommarfe- rien 2025. Tidsplan gjennomføring: Plan for evakuering- og pårørandesenteret må arbeidast med parallelt. Det må vere eit mål at roller og ansvar er fordelt før sommaren 2025. Gjennomføring planarbeid: hausten 2025 Handlingsplan for forsyningssvikt I ni av scenarioa mistar vi forsyningar i ein eller annan form. Ein av målsettingane for H-rosen er å finne tiltak som kan verke på tvers av scenario. Eit slikt tiltak kan vere handlingsplan for forsyningssvikt. Denne planen kan delast inn i kapittel som tek føre seg straum, vatn, elektronisk kommunikasjon, medisin, mat med meir. I kapittelet “kritiske samfunnsfunksjonar” viser vi korleis dei kritiske samfunnsfunksjo- nane er avhengige av kvarandre. Tiltak som kan bøte på konsekvensane av til dømes straumbrot, vil kunne bli barrierar som gjer at straumbrotet ikkje får konsekvensar for til dømes sårbare grupper. Det er ein omfattande plan, men vi kan ta føre oss kapittel for kapittel. Tidsplan gjennomføring: Oppstart /plan for gjennomføring hausten 2025. Arbeid gjen- nom 2026 Øving digitalt angrep Nedstenging av digitale tenester vil kunne slå ut mange av dei andre kritiske sam- funnsfunksjonane. Hareid kommune skal derfor, saman med dei andre kommunane i IKT-samarbeidet øve på digitale angrep/nedstenging av digitale tenester. Før øvinga skal beredskapsplanane til kommunane og SSIKT samkøyrast og revide- rast. Øving(ane) skal evaluerast og deretter skal planane oppdaterast. Tidsplan gjennomføring: Hausten 2025- våren 2026 Oppdatering av kontinuitetsplanar – plan for oppfølging Seks av scenarioa vil påføre kommunen eit tidstap på minst to årsverk fyrste kvartal. Det mest sannsynlege scenarioet (pandemi 2.0) er det som vil krevje mest av oss. Vi treng derfor å oppdatere kontinuitetsplanane våre og ha ein plan for å halde desse oppdaterte. Tidsplan gjennomføring: Oppstart snarast, hovudinnsats våren 2026 Per april 2025 er Hareid kommune i innkøyringsfase med Framsikt. Før systemet er teke fullt i bruk, vil tiltaka frå H-ros og evaluering av hendingar og øvingar ligge i eige dokument med tillagt ansvar og tidsfristar (vedlegg). Overordna beredskapsplan for Hareid kommune 2025 Side 13

Page 14

10 Krise- og beredskapsplanar i Hareid kommune 10.1 Oppbygging av planar Alle beredskapsplanar skal ta utgangspunkt sårbarheitene som er avdekka i heilskap- leg risiko- og sårbarheitsanalysen og prinsippa som ligg i den overordna beredskaps- planen. Andre fag- eller sektorspesifikke planar og rutinar skal også ta utgangspunkt i desse sårbarheitene. Dei skal også vere eit utgangspunkt for dei fag- og sektorspesifikke be- redskapsplanane. Prinsippa i den overordna beredskapsplanen skal vere førande for resten av bereds- kapsplanverket i kommunen, og trumfar andre planar ved eventuell motstrid. Planar skal reviderast ved behov og minst kvart fjerde år, om ikkje kortare tidsperiode er spesifisert i lovverk eller andre styringsdokument. Beredskapskoordinator skal vere involvert når nye beredskapsplanar skal lagast eller gamle planar skal reviderast. Overordna beredskapsplan for Hareid kommune 2025 Side 14

Page 15

10.2 Oversikt over beredskapsplanverket i Hareid kommune DOKUMENT SIST REVI- NESTE REVISJON ANSVARLEG DERT Heilskapleg ROS-analyse 26.05.2025 2027 / kvart fjerde år, Kriseleiinga /beredskapskoordina- siste i kommunestyre- tor perioden Overordna beredskapsplan 26.05.2025 2026 /årleg Kriseleiinga /beredskapskoordina- tor Handlingsplan - plan for 26.05.2025 2026 /årleg Kriseleiinga / beredskapskoordinator kommunal kriseleiing Handlingsplan 26.05.2025 2026 /årleg Beredskapskoordinator / leiar for be- - plan for beredskaps- redskapskoordinator sekretariatet Handlingsplan 26.05.2025 2026 /årleg Kriseleiinga / beredskapskoordinator - plan for befolknings- varsling Handlingsplan 26.05.2025 2026 / årleg Kriseleiinga /kommunikasjonsansvar- – plan for krisekommuni- leg kasjon Handlingsplan – plan for 24.05.2017 Snarast Beredskapskoordinator / sektor for evakuering og pårøran- – tiltak frå H-ros velferd desenter Varslingslister/ 2025 Til ein kvar tid Beredskapskoordinator ressursliste Handlingsplan for Hareid ved skred 03.03.2017 * * frå Åknes Felles konsekvensanalyse og gene- 12.2015 * * rell aktørplan – Fjellskred frå Åk- neset Plan for helsemessig og sosial 2009 Snarleg Kommunalsjef velferd beredskap Katastrofeplan 2009 Snarleg Kommunalsjef velferd Hovudplan for Pandemi 2021 Snarleg Kommuneoverlege Handlingsplan for Pandemi 2021 Snarleg Kommunalsjef velferd Smittervernplan 2018 Snarleg Kommunalsjef velferd (Infeksjonskontrollprogram) Retningslinjer for krise- og om- 2021 Snarleg Einingsleiar helse og koordinerande sorgsgruppa eining Beredskapsplan SSIKT 2022 2025 SSIKT Beredskapsplan ved krise og 21.02.2017 2025 Kommunalsjef læring og kultur trugslar i skulen Beredskapsplan for vassfor- 15.11.2018 Utgår Skal inn i handlingsplan for forsy- syning ningssvikt ROS-analyse for vassbehand- 21.12.2020 Ved behov Kommunalsjef samfunnsutvikling lingsanlegg Beredskapsplan for streik 2022 Ved behov Personalleiar Kontinuitetsplanar Ved behov 2026 Kommunalsjefar – tiltak frå H-ros Prosedyre for utdeling av jod 2022 2025 Kommunalsjef læring og kultur og vel- – tiltak frå H-ros ferd Handlingsplan for forsyningssvikt NY Oppstart hausten 2025 Beredskapskoordinator – tiltak i H-ros Beredskapsplan mot akutt 01.2020 Årleg Sekretariat for beredskapsstyret IUA forureining – IUA Sunnmøre Sunnmøre Brannordning for Hareid brann- 2015 2019 Brannsjefen vesen ROS-analyse av brann og ulyk- 2014 2019 Brannsjefen kesberedskapen i Hareid Delplan for Hareid kommune – 2011 Ved behov Brannsjefen beredskapsplan mot akutt forureining Overordna beredskapsplan for Hareid kommune 2025 Side 15

Page 16

* Dei gamle planane er utdaterte. Det pågår eit arbeid no for å revitalisere Åknes-sam- arbeidet. Det er uklart kva planar som vil kome ut av dette. Alle beredskapsplanar er lagra i Teams i teamet HA-kriseleiing. Papirversjonar av overordna beredskapsplan, med delplanar er også tilgjengelege i papirformat i beredskapspermane til ordførar, kommunedirektør og beredskapskoordi- nator. Kommunalsjefar skal sørge for papirkopiar av fag/sektorspesifikke planar for sin sek- tor. Sjå Rutine for oppdatering og lagring av planar, ressurs- og varslingslister.docx Overordna beredskapsplan for Hareid kommune 2025 Side 16

Page 17

11 System for kompetanse og øving 11.1 Kompetansekrav Kommunen skal gjennomføre opplæring for personar og funksjonar som har ei rolle i kommunen sin kriseorganisasjon. Kommunedirektøren har ansvar for å sikre at opp- læring blir gitt innan rimeleg tid. Medlemmane i kriseleiinga har også eit sjølvstendig ansvar for å tileigne seg naudsynt kompetanse i krisehandtering og kunnskap om kommunen sine planar og prosedyrar i krisesituasjonar. Beredskapskoordinator skal leggje til rette for opplæring og kompetansehevande til- tak. Dersom intern opplæring/kompetanseoverføring ikkje er nok, bør kommunen nytte eksterne kurs, til dømes gjennom DSB kurssenter. Som eit minimum skal alle i kriseleiinga • ha god kunnskap og forståing av kommunen sin heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalyse o overordna beredskapsplan, både den administrative og den ope- o rative delen krisekommunikasjonsplanen o plan for evakuering og befolkningsvarsling o beredskapsplanar og -rutinar som ligg til fagansvaret o • kunne nytte krisehandteringssystemet Ravyn Det er obligatorisk å delta på øvingar, opplæring og møter i kriseleiinga. Det er utarbeida ein opplæring- og kompetanseplan for alle som er involvert i kriselei- inga. Oppfylling av kompetansekrava blir loggført av beredskapskoordinator. Beredskap, inkludert heilskapleg ros og overordna beredskapsplan, skal vere ein del av folkevaldopplæringa i starten av kvar kommunestyreperiode. 11.2 Øvingar og evalueringar Det skal øvast minst ein gong i året på alle nivå, både i overordna organ, som kriselei- inga, og i sektorar og einingar. Øvingar kan vere både fysiske og diskusjonsøvingar. Det er ein fordel om sektorar øver på tvers og på same scenario. Det skal gå fram av alle planar kor ofte dei skal øvast. Hareid kommune deltek alltid på dei årlege fårikål-øvingane som blir arrangert av statsforvaltaren. Alle øvingar skal ta utgangspunkt i gjeldande planar, der den overordna beredskaps- planen er førande. Alle øvingar skal evaluerast snarast råd etter at øvinga er avslutta. Evalueringa skal munne ut i tiltak og eventuell revidering av planverk. Desse tiltaka skal leggjast inn i styringssystemet Framsikt. Overordna beredskapsplan for Hareid kommune 2025 Side 17

Page 18

Alle øvingar skal på førehand meldast til beredskapskoordinator. Det same skal alle evalueringar. 12 Årshjul for beredskap i Hareid kommune NÅR HENDING ANSVAR Rutine? Januar Internøving - pa- Øving Kriseleiinga pir/fysisk anna kvart år Februar Øving/testing av Ravyn Det må lagast rutine Beredskapskoordinator Inkludert testing av satellittelefon og mål for øvinga. og rutine for aggregat Skal følgje kompe- Kompetansesjekk kriseleiing - også Beredskapskoordinator tansekrava – krav- varaar liste må lagast. Mars Kriseleiar og beredskapskoordi- Fast halvårleg møte med kriselei- nator finn dato. Tema: revisjon av inga. planar, oppdatering, kompetan- seheving. Budsjettspørsmål. April Fast årleg møte med sektorane Beredskapskoordinator og kom- (einingsleiarar og nøkkelpersonar). munalsjefar Mai Fast årleg møte med beredskapsrå-Kriseleiar og beredskapskoordi- det nator Politisk handsaming av reviderte planar Juni Leggje feriekabal for kriseleiinga. Før sommar- Har alle funksjonar erstattar på Leiar i kriseleiinga ferien plass? Leiar kriseleiing Før sommar- Sjekke satellittelefonar. Beredskapskoordinator ferien Kommunalsjef velferd Juli August September Beredskapskoordinator Melde inn budsjettbehov Oktober Øving/testing av Ravyn Beredskapskoordinator Inkludert testing av satellittelefon og sjekk rutine aggregat Overordna beredskapsplan for Hareid kommune 2025 Side 18

Page 19

Kriseleiar og beredskapskoordi- nator finn dato. Revisjon av pla- Fast halvårleg møte kriseleiing nar, oppdatering, kompetanse- heving. Budsjettspørsmål. På agendaen skal Fast årleg møte med Røde kors og Beredskapskoordinator, kommu- beredskapsavtale Saniteten nedirektør og ordførar og rolleavklaring stå November Fellesøving med statsforvaltaren Øving fårikål og dei andre kommunane Desember Annakvart år pa- Starte planlegging internøving Beredskapskoordinator pir/fysisk. Nytte scenario frå H-ros. 13 Revisjonar Dato Endring 26.05.25 Vedteke i kommunestyret 13.06.25 Lagt inn leiar for kommunalteknikk og leiar for eigedom som faste med- lemmar i kriseleiinga. Oppdatert organisasjonskart. Overordna beredskapsplan for Hareid kommune 2025 Side 19